Hopp til innhold

Russisk luftfartsforskar død etter å ha falle ned fleire trapper

Luftfartseksperten Anatoly Gerashchenko er ein av fleire profilerte russarar som har omkomme i merkelege ulukker den siste tida.

Tidlegare sjef i Moskvas luftfartsinstitutt Anatoly Gerashchenko.

FALL I DØDEN: Den tidlegare sjefen i Moskvas luftfartsinstitutt, Anatoly Gerashchenko, er ein av fleire profilerte tenestemenn i Russland som er funne døde den siste månaden.

Foto: Moscow's Aviation Institute / MAI

Den tidlegare sjefen for Moskvas luftfartsinstitutt (MAI), Anatoly Gerashchenko (73), døydde tysdag etter det instituttet seier er ei ulykke.

Ei anonym kjelde seier til den russiske avisa Izvestia at Gerashchenko fall frå ei stor høgde og datt ned fleire trapper. Legar skal ha erklært han død på staden.

Ein kommisjon skal vere sett opp for å undersøka dødsfallet. Dødsfallet har fått brei omtale i russiske medium det siste døgnet.

Band til forsvaret

Gerashchenko har jobba for instituttet sidan 1977, og har den siste tida vore rådgjevar for den noverande sjefen for MAI.

Det russiske forsvarsdepartementet har sterke band til instituttet, som Gerashchenko var sjef for mellom 2007 og 2015.

Gerashchenko har fått ei rekke statlege utmerkingar for arbeidet sitt, blant anna Fortenesteordenen til fedrelandet, ein av dei høgaste medaljane.

Fleire dødsfall

Det siste året har fleire høgtståande, russiske tenestemenn og forretningsmenn falle i døden.

Dødsfallet til Gerashchenko kjem to veker etter at ein høgtståande leiar i det russiske selskapet for oversjøisk utvikling, Ivan Pechorin, døydde etter å ha falle ned ei trapp på ein båt.

I starten av september døydde også styreformann i Russlands største oljeselskap Lukoil, Ravil Maganov, under uklare omstende.

Ifølge den russiske avisa RBC skal Maganov ha falle frå sjette etasje på sentralsjukehuset i Moskva. Han skal ha døydd på staden.

                    

Les også: Styreformann i russisk oljegigant falt ut av sykehusvindu og døde

Ravil Maganov
Ravil Maganov

I mars kom styret i Lukoil med ei utsegn der dei bad om ein slutt på krigen i Ukraina.

«Me uttrykker med dette våre djupaste bekymringar for dei tragiske hendingane i Ukraina. Me ber om ein slutt på den væpna konflikten på augneblinken, og uttrykker vår oppriktige medkjensle med alle ofra», står det i utsegna.

Fem oligarkar døde

Dei siste seks månadane har fleire russiske oligarkar blitt funne døde under uklare omstende.

Fleire blei funne døde saman med familien sin. Mange av dei er knytte til det russiske gasselskapet Gazprom.

Styresmaktene har i fleire av tilfella konkludert med at dødsfalla var sjølvmord, men den tidlegare visepresidenten i Gazprombank har sådd tvil om dette.

Les også: Minst fem russiske milliardærar funne døde

RUSSISKE OLIGARKAR: Frå venstre: Vladislav Avajev, Alexander Tyulakov, Leo Shulman, Sergej Protosenya og Vasily Melnikov.
RUSSISKE OLIGARKAR: Frå venstre: Vladislav Avajev, Alexander Tyulakov, Leo Shulman, Sergej Protosenya og Vasily Melnikov.