Hopp til innhold

Minst fem russiske milliardærar funne døde

Minst fem steinrike russiske forretningsmenn er funne døde under uklare omstende hittil i år. Det har vekt spekulasjonar.

RUSSISKE OLIGARKAR: Frå venstre: Vladislav Avajev, Alexander Tyulakov, Leo Shulman, Sergej Protosenya og Vasily Melnikov.

RUSSISKE OLIGARKAR: Frå venstre: Vladislav Avajev, Alexander Tyulakov, Leo Shulman, Sergej Protosenya og Vasilij Melnikov.

Foto: GAZPROM, FACEBOOK, TWITTER

CNN har kopla minst fem, kanskje seks, dødsfall, som dei meiner har fleire fellestrekk.

  • Dei er alle russiske eller har russisk bakgrunn.
  • Dei var steinrike.
  • Fire av dei har kopling til det statlege russiske gasselskapet Gazprom eller til dotterselskap.
  • Tre av dei skal ha teke livet av familien sin før dei tok sitt eige liv.

To av mennene vart funne døde i eller nær heimane sine i Russland i januar og februar. Lokale styresmakter konkluderte med sjølvmord.

Leonid Shulman var sjef for transport i Gazprom Invest. Han vart funnen død på landstaden i Leninsky utanfor St. Petersburg 30. januar, ifølgje det russiske nyheitsbyrået RIA Novosti. Det skal ha vorte funne eit sjølvmordsbrev på staden.

Ein månad seinare vart ein annan direktør i Gazprom funnen død i den same landsbyen. Alexander Tyulakov vart funnen død i garasjen sin 25. februar, ifølgje Novaya Gazeta, som oppgir dødsårsaka som sjølvmord.

Trudde agentar drap ven

Tre dagar seinare vart Mikhail Watford, ein ukrainskfødt russisk milliardær, funnen død i heimen sin i Surrey i England. Dødsårsaka er enno ikkje kjend, men det er varsla eit likskode i juli. Watford skal elles ha vore ein ven av den russiske oligarken Boris Berezovsky som var funnen død i heimen sin i Berkshire i 2013.

Den gongen var konklusjonen sjølvmord. Watford skal ha uttalt at han meinte venen vart drepen av etterretningsagentar.

23. mars vart Vasilij Melnikov, nok ein russisk forretningsmann, funnen død saman med familien sin i Nizjnij Novgorod, ein storby aust for Moskva. CNN skriv at den russiske avisa Kommersant har omtalt dødsfallet.

Skal ha drepe kona og borna

Melnikov eigde MedStorm, eit firma som leverer medisinsk utstyr. 43-åringen vart funnen død saman med kona på 41, og dessutan to barn på fire og 10 år. Alle fire var knivstukke. Ifølgje lokale etterforskarar vart det ikkje funne teikn på innbrot i leilegheita. Etterforskarane skal ha drap og sjølvmord som ein av hypotesane sine.

I april vart endå ein rik forretningsmann, kona og dotter hans funnen død i Moskva. Vladislav Avajev som var tidlegare visepresident i Gazprombank, vart funnen død saman med kona og dottera i leilegheita til familien 18. april.

Ifølgje det statlege nyheitsbyrået Tass trur etterforskarane at det kan dreie seg om drap og sjølvmord.

Trur ikkje på sjølvmord

Igor Volobuev, ein tidlegare visepresident i Gazprombank, seier til nyheitsbyrået Nexta at han ikkje trur på at Avajev tok sitt eige liv, og at det dreier seg om organiserte drap.

Han viser til at Avajev handterte VIP-kundar og store pengebeløp, og heller meir til at han kan ha visst noko som kan ha innebore ein trussel for nokre andre.

Igor Volobuev i Kyiv

PUTIN-KRITIKAR: Igor Volobuev trur ikkje at Vladislav Avajev tok sitt eige liv. Her er han fotografert av Reuters i Kyiv 2. april.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

Dagen etter, 19. april, vart nok ein russar funnen død, også han saman med kona og dottera, ved den spanske byen Barcelona.

55 år gamle Sergej Protosenya, ein tidlegare direktør hos gassprodusenten Novatek som er deleid av Gazprom, vart funnen død i hagen utanfor feriehuset til familien i Lloret del Mar. Kona og dottera vart funne døde inne i huset.

Spekulasjonar

Drapa blir etterforska av lokalt politi som skal ha klassifisert det som familievald med etterfølgjande sjølvmord.

Sonen Fedor Protosenya seier til den britiske avisa Daily Mail at han ikkje trur faren drap mor og søster hans. Han var sjølv i heimen til familien i Frankrike då drapa skjedde og er ikkje mistenkt for å ha noko med dødsfalla å gjere.

Spekulasjonar i spansk presse om at det skal dreie seg om trippeldrap, blir avviste av lokalt politi. Dei skal òg ha avvist moglegheita for at russisk mafia står bak.

Protosenyas tidlegare arbeidsgjevar uttaler at dei er overtydde om at det ikkje er hald i spekulasjonane og seier dei har tillit til at spansk politi gjennomfører ei grundig og objektiv etterforsking.

LES OG: Her har hver femte russiske oligark krav på statsborgerskap

SISTE NYTT

Siste nytt