Hopp til innhold

Syria set fri 755 i forsøk på å blidgjere observatørar

Syriske styresmakter har i dag sett fri 755 fangar som har vore involverte i demonstrasjonar mot regimet.

Stor demonstrasjon i Homs 27. desember 2011.

Fleire tusen menneske demonstrerte i Homs i går, samstundes med at observatørar frå Den arabiske liga var i byen.

Foto: - / Afp

Dette blir sett på som eit forsøk på å blidgjere observatørane frå Den arabiske liga, som er i landet for å sjå om Syria overheld ein avtale om å stanse angrepa på sivile demonstrantar.

– Ikkje blod på hendene

Syria

Protestane mot regimet til Bashar al-Assad blir stadig meir omseggripande.

Foto: Muzaffar Salman / Ap

Det statlege fjernsynet seier at dei 755 ikkje har «syrisk blod» på hendene. Sist månad annonserte styresmaktene at dei hadde sett fri 1180 pågripne etter uroa i landet.

Det å setje fri politiske fangar er ein viktig del av fredsplanen, som vart underteikna i midten av desember.

Hovudstyrken av dei arabiske observatørane starta arbeidet sitt i Syria i går. Dei vitja blant anna opprørsbastionen Homs, og i går kveld gjorde dei det klart at dei ikkje sett noko brot på avtalen.

I dag nekta innbyggjarar i Homs å møte observatørane, fordi dei var i følgje syriske offiserar. Det harogså kome meldingar om skyting i Homs i dag, men det er uklart kva som har skjedd.

– Prøver overhalde avtalen

Men dei reiste tilbake til Homs i dag, og det blir utplassert observatørar i fleire andre byar der det har vore regimekritiske demonstrasjonar, som Idlib nær den tyrkiske grensa og Hama sentralt i landet.

Mustafa Dabi leier observatørane i Syria.

Den sudanske generalen Mustafa Dabi er leiar for observatørstyrken i Syria.

Foto: ASHRAF SHAZLY / Afp

Leiaren for observatørane i Homs, den sudanske generalen Mustafa Dabi, seier til den syriske fjernsynsstasjonen Addounia at dei har sett væpna menn i Homs. Han seier også at dei har inntrykk av at syriske styresmakter prøver å overhalde avtalen som er inngått med Den arabiske liga.

Syriske menneskerettsgrupper og FN trur at fleire tusen menneske er pågripne etter at protestane mot regimet til Bashar al-Assad starta tidlegare i år. Organisasjonen Human Rights Watch skuldar regimet for å gøyme fleire hundre fangar inne på stengde militære område, der observatørane ikkje har tilgjenge.

LES OGSÅ: Minst 20 drept i Homs

LES OGSÅ: Muslimsk brorskap nektar for bomber

– Ikkje realistisk bilete

I ei fråsegn frå HRW heiter det at Den arabiske liga bør krevje tilgjenge til alle stader der det er fangar.

Opposisjonen i Syria meiner at observatørane ikkje vil få eit realistisk bilete av kva som skje i landet. Også ein talsmann for det franske utanriksdepartementet seier i dag at observatørane ikkje vil få sjå «realitetane» i landet.

I går ropte demonstrantar i Homs krav til Den arabiske liga om å gi dei vern mot det syriske tryggingspolitiet.

SISTE NYTT

Siste nytt