Hopp til innhold

Frå partnar til alliert – det svenske flagget blir heist i Brussel

Det formelle er overstått, det seremonielle står att. Måndag blir det svenske flagget heist i Brussel, og Sverige er ikkje lenger alliansefritt.

stoltenberg og kristersson

SOM Å KOMME HEIM: Sveriges statsminister Ulf Kristersson roste generalsekretær Jens Stoltenberg for å ta landet så godt imot.

Foto: Yves Herman / Reuters

– Sverige har lenge vore ein partnar, no er de ein alliert. Med alle fordelane og ansvaret som kjem med det.

Det seier Natos generalsekretær Jens Stoltenberg på ein pressekonferanse i Brussel måndag, som han held saman med Sveriges statsminister Ulf Kristersson.

Den svenske statsministeren seier at det å bli innlemma i Nato, har vore som å «komme heim».

Mandag ble det svenske flagge heist for første gang ved NATOs hovedkvarter i Brussel. Sveriges kronprinsesse Victoria ankom sammen med Sveriges statsminister Ulf Kristersson og NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg.

Mandag ble det svenske flagge heist for første gang ved NATOs hovedkvarter i Brussel. Sveriges kronprinsesse Victoria ankom sammen med Sveriges statsminister Ulf Kristersson og NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg.

– Vi veit at forventningane til oss er høge, men vi har også høge forventningar til oss sjølv.

Det seier Kristersson, som takkar Stoltenberg for hans iherdige kamp for å få Sverige med i alliansen.

– Vi doblar vårt forsvarsbudsjett, og sidan 1. januar har Sverige møtt Nato-kravet om å bruke 2 prosent av bruttonasjonalprodukt på styrking av forsvaret.

Den svenske statsministeren legg til at Sverige også har auka talet på vernepliktige og innført siviltenesta att.

Sverige har tidlegare måtte møtt fleire krav stilt av Tyrkia.

Svensk optimisme

Den svenske statsministeren er heilt sikker på at det er riktig at Sverige blir med i alliansen, og det er også stadig fleire svenskar einige i, viser undersøkingar gjort av Statista.

Frå januar 2022 til januar 2024 har støtta auka frå om lag 20 prosent til 60 prosent.

A Swedish flag is prepared to be raised, on the day of a flag-raising ceremony at NATO headquarters following the accession of Sweden to the alliance, in Brussels, Belgium March 11, 2024

Også det svenske monarkiet var representert under flaggheisinga måndag, ved kronprinsesse Victoria.

Foto: Ohn Thys / AFP

Alliansefridom i fred og nøytralitet i krig, var lenge Sveriges utanrikspolitiske motto.

Men krigen i Ukraina utløyste ei uro og eit behov for å styrke forsvaret. Torsdag braut svenskane over 200 år med nøytralitet, og blei offisielt medlem av Nato.

President i Tyrkia, Recep Erdogan, held opp ein finger, samtidig som han taler til det tyrkiske parlamentet.

Her er Erdogans kravliste til Sveriges Nato-medlemskap

Medlemskapen gjer det enklare for Sverige å øve militært med andre land, i tillegg til at dei vil få tilgang til meir militært personell og forsvarsmateriell. Det blir også enklare for utanlandske styrker å øve i nordområda.

Det formelle er unnagjort, og måndag var det flaggseremoni. Det svenske flagget blei på høgtidleg vist heist opp utanfor Natos hovudkvarter i Brussel.

to menn med svensk flagg ved flaggstang
Foto: Yves Herman / Reuters

Eit viktig tilskot

Noregs ambassadør til Nato, Anita Nergaard, seier til NRK at Sverige blir eit viktig tilskot til alliansen.

Sverige har store kapasitetar og er eit høgt teknologisk land. Dei har ein forsvarsindustri å rekne med. Saman med Noreg og Finland i nord, vil vi saman kunne utvikle eit sterkt og godt forsvar av Natos nordområde.

Sjølv om Tyrkia og Ungarn lenge blokkerte prosessen, trur ikkje Nergaard at det blir noko problem at dei to landa no skal dele allianse med Sverige.

Vi samarbeider godt med alle allierte og må alltid finne løysingar. Det er ein av dei sterkaste sidene ved Nato-samarbeidet. Vi tar den tida vi treng for å bli einige.

Anita Nergaard med rød blazer. Smiler til kamera

Anita Nergaard er Noregs ambassadør til Nato.

Foto: Simen Ekern / NRK

Nergaard fortel at Nato vil starte det praktiske arbeidet med å få i gang svensk samarbeid så snart flagget er heist.

Ukraina er nærme

På pressekonferansen i Brussel gjentok Stoltenberg at Ukraina er nærare eit Nato-medlemskap enn nokosinne.

– Vi styrker vårt politiske samarbeid i eit nato-ukrainsk råd, og det er velkomment at Nato-allierte hjelper Ukraina med å komme nærare ein medlemskap.

Russland har tidlegare sagt at dei vil reagere dersom Sverige blir Nato-medlem.

På spørsmål om kva Sverige tenker om dette, svarer Kristersson at dei er «på vakt».

– Risikoen for cyberangrep mot Sverige, er ikkje nytt, seier Stoltenberg, som presiserer at angrep mot ein alliert, er eit angrep mot alle.

– Sverige er tryggare på innsida av Nato enn på utsida.

SISTE NYTT

Siste nytt