Måndag denne veka skulle ein yngre afghansk asylsøkar bli utvist frå Sverige til Afghanistan.
Dette hadde Elin Ersson og gjeng med andre aktivistar fått med seg, og ho bestilte flybillettar til flyginga som skulle gå frå Göteborg til Istanbul.
Då ho kom på flyet fann ho ut at den unge mannen ikkje var til stades, men fekk med seg at ein 52 år gammal afghansk mann som skulle utvisast var på det aktuelle flyet.
Ho hindra flyet frå å lette frå svensk jord før den 52 år gamle mannen var ute av flyet. Dette gjorde ho ved å nekte å setje seg på plassen sin ved avgang.
No går historia hennar verda rundt.
– Dette er fullstendig lovleg
Gjennom ei direktesending på sin eigen Facebook-profil dokumenterte ho hendinga på engelsk.
Støtteerklæringane strøymde inn undervegs i sendinga, og i løpet av to dagar har videoen hennar nær tre millionar visingar, og over 40.000 personar har delt den.
– Eg gjer det eg kan for å redde ein person sitt liv, fordi han kjem til å bli drepen i Afghanistan, seier ho i videoen.
Ifølgje Ersson sjølv, braut ho ikkje nokre reglar ved å hindre flyet i å ta av frå flyplassen i Göteborg.
– Dette er fullstendig lovleg og eg har ikkje gjort noko ulovleg, seier Ersson til flyverten som ber henne om å slutte å filme.
– Ho har brote regelverket
Lars Skoglund ved grensepolitiet i Västra Götland seier at utvisinga ikkje har blitt gjennomført av dei, men truleg av eit politidistrikt i nærleiken.
Han trur Ersson sine handlingar vil få konsekvensar, og at mannen truleg vil bli utvist likevel.
– Det er ekstremt sjeldan at vedtaka for utsending blir revurdert grunna ei suspendert utvising, seier han til svenske ETC.
Pressesjef ved Swedavia som driv Landvetter flyplass, Hans Uhrus, bekreftar ovanfor Göteborgs-Posten at hendinga har funne stad. Uhrus meiner at Ersson har brote regelverket ved å ikkje følgje flypersonalet sine ordrar.
Uhrus er ikkje sikker på om det vil få konsekvensar for Ersson.
– Ho har brote det gjeldande regelverket ved å ikkje høyrt på piloten og kabinpersonalet. Det er vanskeleg å seie kva slags rettslege konsekvensar ho vil få. Det er alltid ei individuell vurdering, seier Uhrus til avisa.
– Det kjennest veldig godt
Til den britiske avisa The Guardian seier Ersson at ho håper aksjonen hennar får folk til å tenke seg om.
– Eg håper folk begynner å stille spørsmål ved korleis landet deira behandlar flyktningar. Vi må sjå folka som får liva sine øydelagt grunna innvandringspolitikken vår, seier 21-åringen.
Den 52 år gamle mannen vart til slutt tatt av flyet, men det fekk ikkje Ersson med seg der og då.
– Eg har forstått det slik at utvisinga vart avlyst. Det kjennest veldig godt, seier aktivisten til avisa.
Ifølgje Ersson vart den unge afghanaren som ikkje var med på det aktuelle flyet, sendt til Stockholm og utvist derifrå.