Hopp til innhold

Svensk avis: Koplar dobbeltdrapet til trippeldrap i Uddevalla

– Ei kjenslelaus handling, seier svensk politi om gårsdagens dobbeltdrap. Ifølgje Expressen kan gårsdagens skyting ha samanheng med trippeldrapet i Uddevalla for to veker sidan.

Blomar ved restuaranten

Fleire personar la i dag tidleg ned blomar ved kroa der to personar vert drepne i går. Ei kjenslelaus handling, seier svensk politi.

Foto: Adam Ihse / NTB scanpix

Klas Friberg

Politisjef i Vest-Sverige, seier at to personar er døde og minst åtte er skadde etter gårsdagens skyting i Göteborg.

På ein pressekonferanse utanfor politihovudkvarteret i Göteborg seier politisjef i Vest-Sverige, Klas Friberg, at politiet har ikkje den fulle oversikta over skadde endå etter gårsdagens skyteepisode på Hisingen i Göteborg.

– Åtte personar vart ført bort med ambulanse. I tillegg har det kome inn fleire skadde i løpet av natta som har med hendinga å gjere, seier Friberg.

Expressen skriv no at kjelder i svensk politi seier at det finst informasjon som knyt gårsdagens dobbeltdrap saman med funnet av tre drepne menneske i Uddevalla for to veker sidan.

Svensk politi ønskjer ikkje kommentere desse påstandane til NRK. Uddevalla er nabobyen til Göteborg.

– Uakseptabelt

Politisjefen opplyser at to er stadfesta drepne, i tillegg veit politiet at ein person er livstrugande skadd, og ein er alvorleg skadd.

– Me kan slå fast at dette er ei hending som har å gjere med pågåande gjengoppgjer i Göteborg, seier Friberg.

Tilskodarar - Skyting i Göteborg

Mange skodelystne har møtt opp utanfor kroa der skytinga skjedde i går.

Foto: Elise Hazel Asbjørnsen / NRK

Skyteepisoden i går er berre den siste i ei rekke valdelege episodar i Göteborg. Dei siste åra har 52 menneske blitt skadde i over 100 ulike skyteepisodar og 12 er drepne.

Politisjef Friberg seier at politiet stadig jobbar med å gjere området tryggare, og at dei forsøker å drive førebyggjande arbeid som skal hindre episodar som gårsdagens skyteepisode.

– Det er tragisk. Det er unge menn som har mista livet her i Göteborg. Det er uakseptabelt, og dette er utført på ein kjenslelaus måte i denne restauranten. Det er ein tragisk, alvorleg hending, seier Friberg.

Politi på staden - Skyting i Göteborg

Politiet er til stades utanfor kroa der skyteepisoden fann stad i går. Det er også mange andre folk som anten vil sjå kva som har skjedd, eller som er på veg til jobb og andre gjeremål.

Foto: Elise Hazel Asbjørnsen / NRK

– Ein av dei drepne hadde reint rulleblad

Han seier det har vore fleire alvorlege valdsepisodar i området tidlegare, men han ønskjer ikkje å seie om gårsdagens her var meir eller mindre alvorleg enn tidlegare hendingar.

Alle dei skadde personane er menn, og dei fleste er under 30 år. Nokre er også i 40 og 60-årsalderen. Vitne har fortalt at menn kom inn i restauranten kledde med skjelettmasker. Dei starta så å skyte rundt seg, fortel vitne til Aftonbladet.

Ein av dei døde skal ha vore tilsett ved kroa og har reint rulleblad. Mykje tyder på at han er ein uskyldig som er skoten i det som verkar å vere eit gjengoppgjer. Den andre drepne er godt kjent av politiet frå før av.

SISTE NYTT

Siste nytt