Hopp til innhold

– Maktkampen kan eskalere ytterlegare

– Dette handlar om å vise kven som er sterkast i byen, og no kan dette eskalere vidare, seier sosialantropolog Inger-Lise Lien som forskar på gjengar.

Inge Lise Lien

Forskar Inger-Lise Lien meiner situasjonen i Göteborg no kan eskalere.

Foto: Camilla H. Wernersen / NRK

– Det har eskalert mykje i Sverige, og spesielt i Göteborg har det blitt mykje tøffare. Her må det vere snakk om omsetting av narkotika, og dette handlar om å vise makt. Å utvise så mykje vald og brutalitet, nesten terror, i offentleg rom er alvorleg, seier Lien.

To rivaliserande ungdomsgjengar

Svensk politi jakta no på dei som i går skaut rundt seg på ein kro på Hisingen i Göteborg. Politiet jobbar ut frå ein teori om at skytinga er eit gjengopprør.

Det er fleire ungdomsgjengar i området, og svensk politi har dei siste vekene sett inn ekstra styrker for å stanse dei.

NRK får opplyst at det er særskild to kriminelle ungdomsgjengar som kjemper om kontrollen og retten til å selje narkotika. Dei to gjengane held til nokre få kilometer frå kvarandre.

Forskar Lien trur no at gårsdagens skyting kan føre til ytterlegare vald om ikkje dette vert handsame godt nok av politiet.

– No kan det vere motgjengar som føler at dei må sette seg i respekt og komme med ein motreaksjon. Så då kan det eskalere vidare, seier Lien.

(Saka held fram under videoen)

Kjerstin Schön

Kjerstin Schön fortel om stor frykt blant heimehjelparane på Hisingen i Göteborg. I går kveld fann ho ein død mann utanfor døra til jobben.

– Oslo har lukkast betre

Det har vore fleire gjengoppgjer i Göteborg dei siste åra, og det er minst 52 skadde og 12 drepne i dei ulike valdsepisodane.

Inger-Lise Lien meiner at politiet i Göteborg, og også i København, ikkje har lukkast på same måte som politiet i Oslo.

– Over lang tid har norsk politi forsøkt å bygge utkikkspostar som gjer at dei kan kikke inn i miljøa. Slik kan dei gripe inn på eit tidleg tidspunkt og vere med på å dempe ned konfliktar som bygger seg opp, og bidra til å roe ned miljøa. Den tilliten har ikkje politiet i Göteborg og København fått, seier Lien.

– Dårleg økonomi kan påverke

Forskaren, som jobbar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress, meiner ulikskapane i økonomien også speler inn på utviklinga.

– Mykje større samling og ghettofisering i Göteborg enn i Noreg. Dårleg økonomi i Sverige, ungdommar har hatt behov for å skaffe ekstrainntekter, og pessimisme om framtida, så mange søker seg lettare over til kriminalitet.

Så langt er det stadfesta at det er to drepne etter gårsdagens skyting, og det skal ifølge politiet vere snakk om to unge menn rundt 20-årsalderen. Politiet jaktar no på to eller fleire gjerningsmenn etter gårsdagens skyting.

SISTE NYTT

Siste nytt