Hopp til innhold

– Låg ein død mann utanfor døra

Göteborg (NRK): – Det låg ein død mann utanfor døra då eg kom på jobb, fortel Kjerstin Schön. Ho jobbar i etasjen over kroa der fleire personar vart skotne i går.

Kjerstin Schön

Kjerstin Schön fortel om stor frykt blant heimehjelparane på Hisingen i Göteborg. I går kveld fann ho ein død mann utanfor døra til jobben.

Ho skulle starte på jobb ein time etter skyteepisoden ved Vårväderstorget i Göteborg. Men Kjerstin Schön fekk fort anna å tenke på då ho kom fram til heimehjelpstenesta sine lokale på Hisingen i Göteborg.

Der låg det ein død mann utanfor. I dag er det berre ein blodpytt att.

– Eg har det ikkje bra. Ingen av mine kollegaer har det bra. Det er ikkje første gongen dette har skjedd. Det kjennest veldig utrygt, og det kjennest ikkje bra å jobbe her, seier kvinna som har jobba i heimehjelpstenesta i 35 år.

Kroa

Ein blodpøl utanfor kroa vitner om det som skjedde her ved halv elleve tida i går.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Dette eskalerer

Berre kort tid før ho kom på jobb hadde eit blodig gjengoppgjer funne stad i kroa i etasjen under. Minst to personar er drepne i det som politiet kallar eit gjengoppgjer, men det er frykt for at talet kan stige.

Schön meiner det har kriminaliteten har auka fort på veldig kort tid.

– Det har aldri vore slik som dette før. Det kjennest som dette er noko som eskalerer frå dag til dag, seier Schön.

Seinast i desember var det skyting ved den same kroa som i går, og politiet har lenge jobba med å stanse kriminelle ungdomsgjengar som herjar i området.

Tør ikkje bruke hovudinngangen

Døra inn til heimehjelpstenesta er berre ein liten meter frå døra til kroa der gjengoppgjeret i går fann stad. Schön seier at dei tilsette er redde for å jobbe i området.

– Heldigvis har me garasje, så me treng ikkje gå over torget lengre. Me tør ikkje bruke hovudinngangen.

– Kva tenkjer du om det som har skjedd?

– Det er ein katastrofe. Noko må gjerast, og det må skje fort med tanke på alle dei uskyldige som vert råka, seier Schön.

Ho fortel at det alltid er mykje folk utanfor kroa, og at dei drikk, røyker og småkranglar ein del.

– Det er forferdeleg, me tør ikkje jobbe her lengre, seier Schön som fortel om ei opprørande stemning blant dei ilsette i heimehjelpstenesta.

Svensk politi jaktar no to eller fleire gjerningsmenn i det dei seier er eit gjengmiljø i Göteborg.

SISTE NYTT

Siste nytt