NRK Meny
Normal

Full jakt på gjerningsmenn i Göteborg

Göteborg (NRK): Svensk politi jaktar på dei som i går skaut med automatgevær i ei kro i Göteborg. No er det roleg utanfor kroa der minst to personar vart drepne i går.

Göteborg

Politisperringar og blod fortel om dramaet som utstelte seg i går kveld. No er det rolegare på Vårväderstorget i Göteborg.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Kroa

I denne kroa skal gjengar ha hatt eit blodig oppgjer i går kveld. Minst to vart drepne, men det er frykt for at talet vil auke.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Det er få politibilar att på staden der det i går var stor dramatikk. Folk er på veg til jobb og barnehage, men store mengder politisperringar minner om dramatikken som fann stad for berre få timar sidan.

– Visste kven dei skulle skyte

Fleire personar væpna med kalasjnikov-gevær gjekk inn i ei kro ved Vårväderstorget i Göteborg og starta å skyte.

– Dei skaut til høgre og venstre, men dei hadde bestemt seg for kven som skulle skytast, fortel eit vitne til Expressen.

Også personar som ikkje var mål for angrepet skal ha blitt skadd. Minst åtte personar vart skadde, og fleire er drepne, i angrepet på kroa.

SJÅ SVT SIN REPORTASJE FRÅ STADEN:

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «SVT om skyting på Hisingen» i nytt vindu

– Alvorleg brotsverk

Bebuarar i nabolaget fortel til NRK at det er vanleg med gjengoppgjer, og at politiet i det siste har sett inn ekstra ressursar for å få ein stopp på kriminaliteten.

Utbrent bil

Ein utbrent bil er vitne på gjengoppgjeret som fann stad ved Vårväderstorget i går.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Svensk politi meiner det er snakk om eit gjengoppgjer, og har jakta på gjerningsmennene gjennom natta. Politiet har førebels ikkje gitt ut mykje informasjon om kor mange som er drepne, eller kor mange gjerningsmenn det er snakk om.

– Me jobbar med å finne gjerningsmennene. Dette er eit grovt brotsverk, eit omsynslaust brotsverk og me har våre tankar om kva som kan ligge bak. At det er kriminelle personar innblanda er ikkje noko ein kan stikke under stol, seier politiets pressetalskvinne Ulla Brehm til Expressen.

Skotvekslingar i området tidlegare

Det skal vere fleire ungdomsgjengar i bydelen som har hatt fleire interne oppgjer den siste tida.

Også i januar var det ein skotepisode utanfor den same kroa. Då vart ein mann treft i beina med fleire skot.

Også Brehm seier at det har vore skotvekslingar i området tidlegare, og at politiet har kjennskap til fleire personar som dei tidlegare har hatt problem med.

Når det gjeld gårsdagens skyting skal det vere snakk om minst to gjerningsmenn, skriv fleire aviser.

NRK oppdaterer saka.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt