Hopp til innhold

Eide førebur seg på «Trump 2»: – Europa må nok ta meir ansvar

Det er i teorien ikkje avgjort, men likevel svært sannsynleg at Trump møter Biden i presidentvalet i haust. Norsk UD førebur seg på at Trump kan få tilbake makta.

Trump etter supertirsdag

SUPER TYSDAG: Donald Trump har all grunn til å smile etter å ha vunne det republikanske nominasjonsvalet i dei fleste delstatane hittil.

Foto: Chandan Khanna / AFP

Supertysdag er vel overstått, og basert på resultata kan amerikanarane vente seg ein omkamp mellom Joe Biden og Donald Trump i presidentvalet i november.

I natt stemte nemleg 15 amerikanske delstatar fram sine presidentkandidatar. Vanlegvis ein spennande affære, men i år var resultatet godt spådd på førehand.

Demokratanes kandidat Joe Biden hadde ingen utfordrarar, og tok med det sigeren i alle dei 15 delstatane. Trump vann i 14 av 15.

– Trump 2 blir annleis

Nasjonale meiningsmålingar viser at Trump akkurat no leiar over Biden.

Og sjølv om mykje kan endre seg innan november, seier utanriksminister Espen Barth Eide til NRK at UD har sett i gang eit grundig arbeid for å førebu seg på at Trump på nytt kan bli president.

– Vi skjønner alle at ein Trump 2 blir annleis enn Trump 1. Dei har meir erfaring og vil bytte ut folk raskare. Då gjeld det å ta vare på relasjonane ein har allereie har til USA.

– Europa må nok ta meir ansvar på område som tidlegare blei sett på som transatlantiske.

eide med utstrakte hender på ei scene, i dress.

Espen Barth Eide førebur seg på at Trump kan få fire nye år med makt.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

Eide seier at UD vil gå gjennom kva ein Trump-administrasjon vil ha å seie for ein bilateral relasjon, men først og fremst korleis det vil påverke den internasjonale arenaen.

– Vi går gjennom erfaringane frå Trump 1, og ser på kva som blir sagt i valkampen, etablerar kontaktar mot republikanarar i Senatet og Kongressen, men også i dei høgreorienterte tenketankane, for å bli meir kjent med tankane i ein Trump-administrasjon.

Les også Trump: Vil oppfordre Russland til angrep på Nato-land som ikke bidrar nok

Det blir òg viktig å minne Trump på betydninga av Nato, og at dette er noko som lønner seg for USA, seier utanriksminister Eide.

– Ein kan nå inn til Trump, men då må det vere basert på ein transaksjonell forståing om at det er bra for han og hans land.

Eide kallar Jens Stoltenberg for ein god rådgivar i ein slik situasjon, og ein god handterer av Trump, og drar fram hans innsats i å halde Nato samla trass i at Trump ville melde ut USA.

jens stoltenberg og trump

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg får skryt av Espen Barth Eide for si handtering av Trump.

Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters

– Ein fantastisk natt

Det var altså ein heilt super supertysdag for tidlegare president Donald Trump, som gjekk av med overlegne sigrar i natt i til saman 14 statar. Frå før av har han vunne i sju delstatar.

– Det har vore ein fantastisk natt, ein fantastisk dag, sa Donald Trump frå talarstolen inne i hans private klubb i Mar-a-Lago, der tilhengarar og stabens er samla for å følge kampen.

eit ballrom med lysekroner. mange menneske samla framfor ei scene med amerikanske flagg
Foto: Chandan Khanna / AFP

Eitt unntak

Berre ein delstat stemte på andre enn Trump og Biden, nemleg Vermont.

Trumps einaste utfordrar, Nikki Haley, vann i delstaten som husar over ein halv million menneske. Dermed har Haley tatt to sigrar til saman, etter at ho slo Trump i Washington D.C. på måndag. Haley har med det fått 23 delegatar, og Trump 617.

Men den tidlegare Sør-Carolina-guvernøren har uansett vore ein verdig motstandar i dei delstatane ho tapte. I fleire av dei har ho fått 30–40 prosent av stemmene.

nikki haley på talarstolen

Republikanaren Nikki Haley er Trumps einaste konkurrent i nominasjonsvalet.

Foto: Scott Eisen / AFP

Protestkampanje mot Biden

På Demokratanes side gjekk Biden for ein soleklar siger i 15 av 15 delstatar. Men sjølv om Biden utan politiske utfordrarar uunngåeleg måtte vinne også i Minnesota, var ikkje dette heilt knirkefritt.

20 prosent av dei demokratiske veljarane stemte blankt i delstaten etter ein protestkampanje mot Bidens støtte til Israel i Gaza-krigen, og mangelen på ei permanent våpenkvile.

Kampanjen har fått namnet «Forlat Biden».

Det same skjedde i Michigan førre veke, der over 100.000 stemte blankt av same grunn.

Biden har vist seg å vere ein upopulær kandidat, og mange er også kritiske til den høge alderen hans, 81 år. Over 70 prosent seier i ei New York Times-undersøking at dei meiner han er for gammal til å vere president.

joe biden sit ved eit bord og snakkar i ein mikrofon. bak han er det ein skjerm der det står "lowering costs for american families"

Joe Biden har ikkje tatt bekymringane rundt hans eigen alder på stort alvor. Førre veke spøkte han med at alderen var «hemmelegstempla informasjon».

Foto: Evelyn Hockstein / Reuters

Ettersom Biden har vunne absolutt alle nominasjonsvala hittil, var det ei lita ripe i lakken at han i natt tapte i Amerikansk Samoa, eit amerikansk territorium i Stillehavet. Dette er altså ikkje ein delstat.

Av 91 stemmesetlar herfrå, fekk ein entreprenør, Jason Palmer, 51 av dei. Han seier sjølv at eigentleg aldri har besøkt øygruppa, og skal ha gjort kampanjar via Zoom.

I 2020 vann milliardær og tidlegare borgarmeister i New York, Michael Bloomberg, i Amerikansk Samoa.

Millioner av amerikanere fra Alaska i vest til Maine i øst går til stemmelokalene i dag.

Likevel ein vinnar

Trass i protestkampanjar og ein entreprenør, vann Biden alle delstatanes nominasjonsval, fordi Demokratane ikkje har stilt med andre kandidatar.

Are Tågvold Flaten er statsvitar og redaktør i amerikanskpolitikk.no. Han meiner dette er taktikk frå demokratiske veljarar.

– Sjølv om det finst mange gode alternativ, har dei konkludert med at det er i deira interesse å sitte stille i båten.

Høgestøl viser til at det alltid er vanskeleg å utfordre ein sittande president frå eige parti.

Sofie Høgestøl

USA-ekspert og førsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo, Sofie Høgestøl.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

– Joe Biden seier at han er den einaste som kan vinne mot Trump, og partiet har valt å støtte han i det i staden for å satse på noko nytt.

Omkamp er sannsynleg

Sjølv om det matematisk ikkje er gitt at Donald Trump blir Det republikanske partiets presidentkandidat i november, meiner USA-ekspert Sofie Høgestøl at dette no er nærmast heilt sannsynleg.

– Han måtte tapt alle dei komande primærvala i alle dei andre delstatane. Det er ingenting som tyder på at han kjem til å gjere det, seier Høgestøl.

Dermed er det venta at USA får ein reprise av det amerikanske presidentvalet i 2020, ein omkamp mellom Trump og Biden.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.