Hopp til innhold

Sudan vart oppringt av Ban Ki-moon

Sudan seier dei ikkje har anna val enn å slå tilbake mot «aggresjon» frå Sør-Sudan, i ei telefonsamtale med FN sin generalsekretær Ban Ki-moon

Ban Ki-moon Ali Karti
Foto: Denis Balibouse/Michal Cizek / Reuters/AFP

Utanriksministeren i Sudan, Ali Karti, fekk ein telefon frå FN sin generalsekretær Ban Ki-moon laurdag kveld, kjem det fram i ei kunngjering frå det sudanske utanriksdepartementet, melder AFP.

Ban Ki-moon oppfordra Sudan til å beherske seg, men Karti svara at Sudan ikkje kan vente og har iverksett militæroperasjonar for å «presse ut provokanten frå sitt land».

Kampar

Sudan sin hær har gått inn det omstridde grenseområdet Heglig og har støtt saman med sørsudanske soldatar eit par kilometer frå byen Heglig, opplyser ei militærkjelde.

– Vi er nå i Heglig-regionen, eit par kilometer frå Heglig by og oljefelt, seier talsmann for det sudanske militæret, Al-Sawarmi Khalid til Reuters.

Han seier det går føre seg kampar laurdag kveld.

Opplysningane er ikkje stadfesta frå sørsudansk side.

10.000 på flukt

Rundt 10.000 menneske frå landsbyar i den urolege oljeregionen Heglig har flykta frå grenseområdet mellom dei to landa frå sammenstøyta starta i slutten av mars til 8. april, opplyser FN i ei nyheitsmelding laurdag.

– Dei har flykta til ulike stader, mellom anna til byen Heglig og til andre område lenger nord, seier meldinga.

Laurdag blei fem sivile drepne og seks såra då eit sudansk fly bomba Bentiu, hovudstaden i Sør-Sudan sin oljerike grensestat Unity, ifølgje ein talsmann for styresmaktene i Unity, Gideon Gatfan.

Ifølgje Gatfan blei det sloppe ein bombe ved ein bilmarknad i nærleiken av ei bru.
Den sudanske hæren har ikkje kommentert hendinga.

Sidan tysdag har det vore fleire sammenstøyt mellom Sudan og Sør-Sudan. Kampane dei siste dagane er dei verste sidan fredsavtalen mellom dei to landa blei underteikna i 2005.

(Saka held fram under biletet)

Sudan

Væpna soldatar held vakt ved Talodi sør i Sudan, kring 50 km frå den omstridde grensa til Sør-Sudan.

Foto: STAFF / Reuters

Tok oljefelt

Den Sør-Sudanske hæren hevda laurdag å framleis ha kontroll over det sudanske oljesenteret Heglig nær den omdiskuterte grensa mellom dei to landa.

Sudan sa dei hadde lansert ein motoffensiv for å få tilbake området som Sør-Sudan overtok tysdag.

Då Sør-Sudan løsreiv seg frå sin storebror i nord i fjor, tok landet med seg tre fjerdedelar av oljeressursane. Berre Heglig og nokre få andre installasjonar blei igjen i nord.

Partane er framleis ikkje samde om kvar grensa skal gå, eller korleis oljeinntektene skal fordelast. Striden om oljen har ført til at Sør-Sudan har stoppa all oljeproduksjon, noko som tyder enorme inntektstap på begge sider.

FN krev samtaler

Tryggingsrådet i FN kravde torsdag ein fullstendig, umiddelbar og vilkårslaus stans på all vald, luftangrep og grenseuro, og mana Sør-Sudan til å trekkje seg ut av Heglig. Leiarane av dei to landa blir oppfordra til å møtes «straks».

Leiarane i begge land har skulda kvarandre for å vilje ha krig.

SISTE NYTT

Siste nytt