Hopp til innhold

Stupte 300 meter ned fjellside – overlevde

Den profesjonelle skikøyraren Angel Collinson slapp unna med skrekken då ho mista fotfestet og stupte ned ei nærast loddrett fjellside i Alaska.

Skikjører Angel Collinson faller ned fjellside i Alaska

Skikøyrar Angel Collinson stuper ned ei fjellside i Alaska.

Foto: Teton Gravity Research

Collinson frå Utah er ein svært erfaren skikøyrar. Men då ho skulle køyre ned ei fjellside i Neacola Mountains i Alaska heldt det på å gå gale.

Etter å ha sett utfor i det bratte terrenget mistar Collinson plutseleg fotfestet og stuper over 300 meter ned fjellsida i ei enorm fart.

Det heile er filma av Teton Gravity Research.

– Det var skremmande, utan tvil. Du har ikkje peiling på kva du kan støyte på, og det er ingenting anna å gjere enn å henge med, seier Collinson når ho snakkar om det som skjedde på tryggingsveka til Teton Gravity Reseach.

Utruleg nok kom Collins frå det med berre små skadar i fingrane. Då ho endeleg stoppa, sat ho seg opp.

– Eg er i orden, eg er i orden, melde ho frå om til teamet som filma ho.

Deretter skal ho ha tilbydd seg å gå opp i fjellsida igjen, for å samle saman utstyret ho hadde mista frå ryggsekken.

– Dette var definitivt lærerikt. 99 av 100 gonger kan du stå på ski gjennom denne type terreng, men når det går gale er konsekvensane store.

Hendinga skjedde i fjor vår, og Collinson reknar seg sjølv for å vere heldig.

– Eg mista kontrollen fullstendig. To forstua fingrar, i tillegg til at eg mista alt frå ryggsekken min. Men det var også alt, seier Collinson.

SISTE NYTT

Siste nytt