Jonas Gahr Støre meiner det etter den viktigaste militære fasen i Libya, er viktig å kome inn i eit politisk spor.
Han trur at den mest dramatiske delen av militæraksjonen snart vil vre over, og at det er viktig at aktørar som Den afrikanske union og Den arabiske kjem inn når det er tid for å finne ei politisk løysing.
LES OGSÅ:
Ein svak hær
- Det vi ser teikn på no er ei slags deling av Libya, det kan vere i to delar eller i tre delar, seier Jonas Gahr Støre.
Han meiner at Gaddafi bevisst har halde hæren svak, slik at dei ikkje har kunna vendt seg mot han. I tillegg har det vore fleire militsgrupper, som har vorte haldne i sjakk. No ser han det som mogleg at desse kan vende seg mot kvarandre, og at dette kan føre til ei deling av landet.
- Dette systemet fungerte så lenge Muammar Gaddafi hadde full kontroll, men no når han er svekt eller kanskje vil forsvinne, kan dette gjere den libyske konflikten verre, seier utanriksministeren.
- Følgje opp politisk
Støre er klar på at det er viktig at landa som deltek i den internasjonale styrken som no aksjonerer mot Libya, er nøydde til å følgje opp politisk i tida som kjem.
Noreg har stilt fly til disposisjon i tre månader framover.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: