Hopp til innhold

Storbritannia vil ta imot 20.000 afghanske flyktningar

Opptil 20.000 afghanarar på flukt frå Taliban skal få opphald i Storbritannia, opplyser regjeringa i London.

Innenriksminister Priti Patel i Plymouth 14. august

KAN IKKJE KLARE DET ÅLEINE: Den britiske innanriksministeren Priti Patel oppmodar fleire land til å ta imot afghanske flyktningar.

Foto: NIKLAS HALLE'N / AFP / NTB

For inneverande år er planen at opptil 5000 afghanske flyktningar skal få komme til landet. På lengre sikt opnar regjeringa i London fór opptil 20.000 afghanarar, melder nyheitsbyrået Reuters.

Kvinner, jenter, religiøse og andre med særlege behov skal prioriterast, skriv BBC.

– Eg ønskjer å forsikre om at vi gjer alt som er mogleg for å støtte dei mest sårbare som flyktar frå Afghanistan, slik at dei kan starte opp eit nytt liv i tryggleik i Storbritannia, seier innanriksminister Priti Patel.

Ho oppmodar andre land til og å ta imot afghanske flyktningar.

– Storbritannia gjer alt me kan for å oppmode andre land til å hjelpe. Me ønskjer å gå føre med eit godt døme, men me kan ikkje gjere dette åleine, skriv ho i eit innlegg i avisa The Telegraph.

Et fly med evakuerte fra Afghanistan landet i natt på den militære flyplassen RAF Brize Norton i Storbritannia.

Eit fly med evakuerte frå Afghanistan landa i natt på den militære flyplassen RAF Brize Norton i Storbritannia.

Foto: POOL / Reuters / NTB

Kallar saman parlamentet

Statsminister Boris Johnson skal onsdag orientere Underhuset i Parlamentet om krisa i Afghanistan, melder det britiske nyheitsbyrået PA. Den debatten skal starte klokka 9.30 lokal tid.

Johnson seier at Storbritannia skuldar ein stor takk til alle som har arbeidd for å gjere Afghanistan til ein betre stad dei siste 20 åra.

– Mange av dei, spesielt kvinner, treng no umiddelbar hjelp frå oss. Eg er stolt over at Storbritannia har vore i stand til å leggje til rette for å hjelpe dei og familiane deira til å bu trygt i Storbritannia, seier han.

Innenriksminister Priti Patel og statsminister Boris Johnson

TAR KRISA OPP I UNDERHUSET: Onsdag skal Underhuset møtast for å bli orientert om situasjonen i Afghanistan. På bildet er innanriksminister Priti Patel og statsminister Boris Johnson frå eit arrangement tidlegare i sommar.

Foto: YUI MOK / AFP

Fryktar problem med evakueringa

Storbritannia har sett inn fleire tusen av soldatar for å sikre evakueringa av britiske borgarar og tilsette frå ambassaden i Kabul. Men militærkjelder fryktar at evakueringa ikkje vil vere problemfri.

Viseadmiral Ben Key i det britiske forsvaret seier til avisa The Times at Storbritannia risikerer å måtte trekke soldatane ut av Afghanistan før evakueringa er fullført, melder Reuters.

Årsaka er at Taliban, som no har makta i landet og står for tryggleiken, må godkjenne evakueringa. Utan eit slikt samtykke må britiske soldatar forlate landet og etterlate seg britar, ifølgje Kay.

I Dei nærmaste dagane forsøker Storbritannia å evakuere 3000 britar og 3000 afghanarar som har jobba for dei.

G7-møte om Afghanistan

USAs president Joe Biden og Boris Johnson snakka saman på telefon tysdag kveld om krisa i Afghanistan.

Dei to vart samde om å innkalle til eit nettmøte med G7-leiarane for å diskutere Afghanistan, opplyser Det kvite huset. Møtet skal haldast i neste veke.

USA har hente 3500 frå Afghanistan

Amerikanarane har så langt evakuert 3200 personar frå Afghanistan. 1100 av dei vart henta ut tysdag, fordelt på 13 flygingar. Blant dei som er henta ut er det om lag 2000 afghanarar.

– Tysdag evakuerte amerikanske militærfly om lag 1100 amerikanske statsborgarar, personar med fast opphald i USA og familiane deira, opplyste ein talsperson for Det kvite huset. Talspersonen seier at dei reknar med at talet på evakuerte vil auke.

LES OG: