Hopp til innhold

Stefan Löfven vil danne ny regjering

Stefan Löfven har takka ja til nominasjonen som statsminister etter at det blei klart at han har grunnlag for å danne ei ny regjering.

Stefan Löfven, leder Sosialdeokraterna

STATSMINISTER IGJEN: Onsdag skal den svenske Riksdagen stemme om dei vil ha ei regjering med Löfven som statsminister.

Foto: Claudio Bresciani / AP

Sveriges statsminister Stefan Löfven var avhengig av Centerpartiets støtte for å danne ei ny regjering etter mistillitsvoteringa for to veker sidan.

No får han støtte frå partiet, kunngjorde partileiaren på ein pressekonferanse måndag.

Riksdagens talmann, Andreas Norlén, stadfestar dermed at Löfven vil blir foreslått som statsminister, noko Löfven har takka ja til.

– No er vi her igjen

Etter mistillitsvoteringa der Löfven gjekk av, fekk Ulf Kristersson i Moderaterna oppgåva å danne ny regjering. Etter to dagar gav han opp, og oppdraget gjekk vidare til Löfven.

Löfven meiner fleirtalet som stemte han ut ikkje har klart å presentere nokon ny regjeringsløysing.

– Så no er vi her igjen, seier han.

Löfven blir spurt om korleis det følast:

– Det er berre å sørge for at ein bretter opp ermene og held fram å jobbe. No har vi ein budsjettprosess føre oss, og det er opp til regjeringa å løyse det. Eg trur det er mogleg, svarte han.

Skal stemme på onsdag

Den formelle statsministervoteringa blir på onsdag. Om han ikkje får 175 stemmer mot seg, vil han bli statsminister. Ei regjering skal då dannast innan 18 dagar.

– Eg har akseptert å bli nominert som statsminister, der Socialdemokraterna er ein del av ei regjering med Miljöpartiet, seier Löfven.

Han seier han vil prøve så godt han kan å få vedtatt eit budsjett.

– Om budsjettet ikkje tolererast av Riksdagen, så trekker eg meg.

Vil ha eige budsjett

Med Centerpartiet har Löfven fleirtal for å danne ny regjering i Sverige, viss alle representantane i Centerpartiet, Vänsterpartiet, Miljöpartiet og Löfvens Socialdemokraterna ikkje stemmer nei.

Centerns leder Annie Lööf

Centerpartiet vil legge fram sitt eige budsjett til hausten.

Foto: Claudio Bresciani/TT / Claudio Bresciani/TT

– Vi vil halde fram med å ta ansvar og samarbeide med fleire parti. Vi trur at samarbeid og konstruktive løysingar er vegen framover, sa Centerparti-leiar Annie Lööf.

Samtidig understreka ho at dei ikkje vil støtte regjeringa sitt budsjett til hausten. I staden vil dei legge fram sitt eige.

– Det er ingen ønskedraum å legge fram ein statsministerkandidat som ikkje har full støtte for sitt budsjett, erkjente talmann Norlén.

– Ingen avtale

Miljöpartiet har allereie sagt at dei vil stemme for ei Löfven-regjering, men leiinga seier nei til krava frå Centerpartiet. Talsperson Märta Stenevi i Miljöpartiet skriv på Twitter at det ikkje er einigheit med regjeringa.

– Det er ingen avtale med regjeringa om å svekke vernet av skog og natur. Miljöpartiet har sagt nei til Centerpartiets krav.

Oppdraget med å danne ny regjering kan bli gitt fire gonger. Viss ingen lukkast, vil det bli skrive ut nyval.

SISTE NYTT

Siste nytt