Hopp til innhold

Framleis splitting i Syrias opposisjon

Den syriske opposisjonen møtest i Qatars hovudstad Doha i dag. Det skulle vere eit vendepunkt, men kjem til å ende i like mykje splitting som før, trur ekspert.

Riad Seif (til venstre) og Abdel Basset Seda

VENER, MEN SPLITTA: Riyadh Seif (til venstre) og Abdel Basset Seda. Dei to representerer to forskjellige retningar innad i den syriske opposisjonen. No skal dei forsøke å jobbe seg fram til ei felles plattform.

Foto: Osama Faisal / Ap

– Opposisjonen må foreine seg, og prioritere interessene til nasjonen og folket, i staden for å prioritere seg sjølve.

Slik opna Qatars statsminister, Hamad bin Jassim bin Jaber Al Thani, møtet i Doha. Konflikten i Syria har drege ut i svært lang tid, og over 30 000 menneske er drepne så langt i konflikten.

Opposisjonen har lenge vore skulda for å vere splitta, og soleis har dei bidrege til å trekkje konflikten ut. I Qatar skal dei i løpet av dagen velje ei ny forsamling med 45 medlemmer. Det vil verte vanskeleg å få ei samla gruppe, meiner ein ekspert.

Jonas Bergan Dræge

TRUR IKKJE PÅ ENDRING: Splittinga vil vere like sterk etter møtet, spår Jonas Bergan Dræge.

Foto: Privat

– Møtet skulle gje opposisjonen ny slagkraft, men det er mykje splitting framleis. I tillegg vert det arrangert i Qatar, som er kontroversielt politisk, seier Jonas Bergan Dræge.

Dræge forskar på den syriske opposisjonen ved Universitetet i Oxford i England. Han fryktar at splittinga i opposisjonen vil vere like stor etter møtet i Doha.

– Med mindre det skjer store endringar på bakken, vil ikkje dei viktige endringane kome i opposisjonen, seier han.

Han understrekar at opposisjonen må samlast. Både for å få den naudsynte støtta internasjonalt, men òg for å få slutt på konflikten.

– Den største utfordringa til opposisjonen er å verte samla. Fordi det er det som vert krevd av det internasjonale samfunnet no, og det er det dei må gjere for å få støtte internasjonalt, seier Dræge.

Det syriske nasjonalrådet redusert

Fram til no har Det syriske nasjonalrådet (SNC) vore den største opposisjonelle krafta i konflikten med Bashar al-Assads regime. SNC har vore dominert av islamistar med sterk støtte frå Den muslimske brorskapen. Etter møtet i Doha vil dei vere kraftig reduserte.

– SNC håpa at dei skulle verte eit råd likt det rådet som til slutt vart overgangsregjeringa i Libya. Men det som har skjedd er at gruppa er redusert, og vorte tilbudt berre 15 sete i den nye forsamlinga som Doha-møtet skal leie fram til, seier Dræge.

Møtet i Doha er pressa fram delvis av USA. Dei har pressa på for å gjere opposisjonen meir representativ enn det SNC var før. Men det har ikkje skjedd utan problem. Ein framståande syrisk dissident Riyadh Seif la fram ein plan for samling av opposisjonen, men han vart skulda av SNC for å vere USA-venleg.

Forsamlinga skal i løpet av dagen peike ut 11 representantar som til slutt skal velje ein ny leiar av opposisjonen.

SISTE NYTT

Siste nytt