Den tidlegare grenseinspektøren Frode Berg blei 5. desember arrestert i Moskva. Han er skulda for å ha drive med spionasje for Nato. Alle som blir fengsla av den russiske tryggingstenesta, blir plassert i ei celle i Lefortovo-fengselet i Moskva.
Fengselet er kjent for å ha svært strenge forhold for dei innsette, seier advokaten Rosa Magamedova. Magamedova har ikkje ei rolle i Berg-saka, men kjenner godt til forholda i fengselet.
– I kvar celle er det to personar. Det er ikkje lys der, ikkje frisk luft, ikkje varmt vatn. Toalettet som står der utan noko skjerming, er også spesielt for Lefortovo.
Advokat Rosa Magamedova seier tilhøva i Lefortovo er krevjande, og at det kan vere svært belastande å sitje innesperra her.
Foto: Jan Espen Kruse / NRKSkrekkfengsel
Fengselet er eitt av dei eldste fengsla i Russland, og blei bygd i 1881. Under Moskva-prosessane, der politiske motstandarar av Josef Stalin blei rydda av vegen, blei fengselet brukt til forhøyr med tortur.
Den katolske biskopen Bernt Eidsvig sat i Lefortovo-fengselet i 1976. Den gongen var han teologistudent og kurer for den eksil-russiske organisasjonen NTS.
Foto: Roald, Berit / NTB scanpixLefortovo var også eit berykta KGB-fengsel, der politiske fangar i Sovjetunionen sat fengsla. Sidan 2005 har dette vore fengselet til FSB.
- Les:
- Les:
Blant dei som har vore innesperra her er den russiske forfattaren og historikaren Aleksandr Solsjenitsyn, og den tidlegare FSB-offiseren og Putin-kritikaren Aleksandr Litvinenko. Den katolske biskopen Bernt Eidsvig sat også fengsla der i 101 dagar i 1976.
Magamedova seier det kan vere svært belastande å sitje inne her.
– Dei får ein halv time til å spasere i frisk luft. Det er ingen treningsrom. Dersom det ikkje skjer noko i etterforskinga, er dei på cella heile dagen. Det er svært vanskeleg.
Strenge tiltak
Det er uvisst når det skjer noko meir i spionsaka mot Frode Berg. Men han er førebels varetektsfengsla fram til 5. februar neste år. Berg har fått advokaten Ilya Novikov som forsvarar. Han har tidlegare arbeidd med fleire høgprofilerte saker med politiske interesser.
Lefortovo-fengselet har truleg dei strengaste tryggingstiltaka i Russland. Det fører også til store problem for forsvarsadvokatane som er avhengige av å møte klientane sine regelmessig i fengselet, seier Rosa Magamedova.
– Lefortovo er overfylt av innsette. Det er mange advokatar som ønsker å møte klientane sine. Men det er berre seks rom der ei kan møtast. For å normalisere arbeidet med klientane, samlar advokatane seg ein gong i veka for å trekke lodd og legge ein plan for når dei kan møte klientane sine.
- Les: