Det var i natt at ei bilbombe eksploderte i ein forstad til Beirut der det i hovudsak bur kristne. Ingen har teke på seg ansvaret for bombeangrepet.
Bilbomba gjorde også stor skade på bygningane i området. (Foto: AP/Scanpix)
Bombeangrepet har ført til frykt for at valden i Libanon skal blusse opp igjen for fullt, etter at det har vore relativt fredeleg i landet sidan borgarkrigen tok slutt for 15 år sidan.
President Emile Lahoud seier det er heilt naudsynt med ein nasjonal dialog i Libanon, og ber opposisjonen og den sitjande regjeringa starte samtalar alt i dag.
Lahoud ser så alvorleg på situasjonen at han ikkje vil delta på det arabiske toppmøtet i Algerie komande veke.
Det har vore politisk krise i Libanon sidan 14. februar, då tidlegare statsminister Rafik Hariri og minst 16 andre vart drepne i ein kraftig bombeeksplosjon i sentrum av Beirut.
Angrepet var retta mot bilkortesjen til Hariri, og eksplosjonen var så kraftig at fleire store bygningar vart totalt øydelagde.
Ingen har teke på seg ansvaret for angrepet, men opposisjonen har skulda Syria og den syriskstøtta regjeringa i Libanon for å stå bak.
Attentatet mot Hariri førte til store demonstrasjonar i Beirut med krav om at Syria måtte trekkje sine soldatar og etterretningsoffiserar ut av landet.
Syria har hatt store militære styrkar i Libanon i over 25 år. Opposisjonen har fått sterk internasjonal støtte i kravet om at Syria må trekkje seg ut, og landet har også i prinsippet godteke dette.
Det har også vore pro-syriske demonstrasjonar i Libanon, demonstrasjonar som i stor grad har vore organiserte av den ytterleggåande islamistiske geriljaorganisasjonen Hizbollah.
Både USA og EU ser på Hizbolah som ein terroristorganisasjon.
Fleire tusen syriske soldatar er trekte tilbake til Bekaa-dalen nær den syriske grensa, og fleire avdelingar er trekte heilt ut av Libanon.
Sist helg lovde president Emile Lahoud FNs visegenerasekretær Terje Rød-larsen at Syria ville etterleve alle FN-resolusjonar om Libanon, også paragraf 1559 om full syrisk tilbaketrekking.