Utanriksminister Ine Eriksen Søreide meiner dette er ein kritiske fase for atomavtala.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpixIranske styresmakter sa i natt at landet har starta prosessen med å auke opprikinga av uran. Det kan gjere landet i stand til å produsere kjernefysiske våpen.
Samtidig sa den øvste leiaren, ayatolla Ali Khamene, at Iran ikkje kan stole på noko land, og at dei bør bu seg på at avtala fell gjennom, trass løfter frå EU. Denne kunngjeringa uroar den norske utanriksministeren.
– Poenget med avtala var å hindre at Iran vidareutvikla sitt atomprogram. No er mykje på spel, og det er mykje som må kome på plass på kort tid for at Iran skal bli i atomavtala, seier Ine Eriksen Søreide.
- Les også:
Press på Europa
Gjennom atomavtala som vart forhandla fram i 2015, forplikta Iran seg til å ha eit lågare nivå av uran som er rika opp. Til gjengjeld vart ei rekkje økonomiske sanksjonar mot Iran oppheva.
For nokre veker sidan bestemde USAs president Donald Trump å skrote den internasjonale atomavtala med Iran. Iran har dermed lagt eit stort press på Europa om å kunne tilby noko som gjer at Iran vil halde på avtala.
– Eg trur Iran prøver å sende eit signal til Europa og dei andre partane om at dei ikkje har veldig god tid på seg til å vurdere om dei framleis vil vere i avtala. Dette viser alvoret i avtala og i avgjerda USA har tatt, seier Søreide.
Dersom atomavtala forsvinn fryktar Søreide at det igjen blir meir ustabilitet i regionen.
– Andre land enn Iran kan igjen starte eller ta opp att sine atomprogram, og det vil skade nedrustingsarbeidet. Det er ikkje det verda treng no, vi treng meir samarbeid skal vi klare å ruste ned.
Konsekvensar for Nord-Korea
Trass fleire rapportar frå Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) om at Iran følgde avtala, valde Trump å trekkje USA ut. Søreide fryktar dette kan få konsekvensar for ei eventuell avtale med Nord-Korea.
– Dersom ein undergrev rapportane og seier at dei ikkje betyr noko, så er det vanskelegare å få ein truverdig verifikasjon av at Nord-Korea rustar ned, sa Søreide, som understreka at det er lang veg igjen før ei eventuell avtale med det nordkoreanske regimet er på plass.
- Les også: