Hopp til innhold

Sør-Korea skaut varselskot mot russiske militærfly

Sør-Korea kallar inn ambassadørar til møte etter at eit russisk militærfly skal ha floge inn i det sørkoreanske luftrommet tysdag.

Det skal ha vore tre russiske militærfly, som i lag med to kinesiske militærfly, kom inn i den sørkoreanske forsvarssona på austkysten, før eitt av dei flaug inn over landet. Det melder ei kjelde i det sørkoreanske forsvarsdepartementet, skriv nyheitsbyrået Yonhap.

Luftrommet som skal ha blitt krenka var over ei gruppe sørkoreanske holmar om lag halvvegs mellom Sør-Korea og Japan, eit område som har vore kjelde til konflikt mellom dei to landa.

Det sørkoreanske forsvaret skaut då to varselskot, i tillegg til at dei sende opp eigne jagarfly.

– Forlét luftrommet, men returnerte igjen

Det russiske militærflyet forlét området, før det returnerte kring 20 minutt seinare, melder kjelda ifølgje Reuters. Sør-Korea valde då å skyte eit nytt varselskot.

Det sørkoreanske forsvarsdepartementet er usikre på om dei russiske og kinesiske flya gjorde dette med vilje, og har difor kalla inn den kinesiske og russiske ambassadøren for eit møte.

Det skal vere første gong eit russisk militærfly krenka det sørkoreanske luftrommet, melder kjelda i forsvarsdepartementet.

SISTE NYTT

Siste nytt