Hopp til innhold

Somalisk imam arrestert for terrorplanar i Italia

Ein 22 år gammal somalisk imam og asylsøkjar er arrestert på eit asylmottak i Italia, mistenkt for å planleggje eit terrorangrep i hovudstaden Roma.

Den mistenkte imamen i Campobasso.

Den 22 år gamle imamen fotografert på rommet sitt på asylmottaket i Campobasso.

Foto: Polizia de Stato Italia

– Vi har presise tekniske bevis på at det er sannsynleg at han var i ferd med å organisere angrep i Roma, seier statsadvokaten i Campobasso, Armando D'Alterio.

Sentralstasjonen i Roma, Termini, var spesielt nemnt som eit angrepsmål.

Heilag krig

Terministasjonen i Roma.

Politiet har i fleire månader hatt utvida vakthald på Termini-stasjonen i Roma.

Foto: Andrew Medichini / Ap

Han seier at 22-åringen har ei sterk overtyding om plikta om å gå til heilag krig mot Vesten, at han hylla IS og Al Qaida, og at han har drive omfattande forsøk på å verve andre bebuarar på senteret til å delta i den heilage krigen.

D'Alterio fortel til det italienske nyheitsbyrået Ansa at dei har etterforska den somaliske mannen i over to månader ved hjelp av telefonavlytting, skjulte kamera og skjulte mikrofonar. Han prøvde å få med seg andre asylsøkjarar på senteret til å bli med han, først til Roma og deretter til Syria.

Mannen hylla terroristane bak angrepa i Paris 13. november i fjor, der 130 menneske vart drepne.

– Ordre frå Gud

– Gud har gitt dykk ordre om å drepe fiendane hans og utøve heilag krig i hans namn, snakke om religionen og sharia, og å straffe syndarar, sa den unge imamen blant anna i ei av preikene sine på senteret, ifølgje D'Alterio.

Mange av dei som høyrde på preikene hans reiste seg og gjekk, fordi han hadde så ytterleggåande synspunkt

Statsadvokaten seier at politiet hadde god grunn til å tru at den somaliske imamen hadde tenkt å stikke av til Roma alt i dag, og det var årsaka til at dei gjekk til aksjon mot asylmottaket og arresterte mannen i morgontimane i dag.

Campobasso

SISTE NYTT

Siste nytt