Hopp til innhold

Somalia får post igjen etter 22 år

I over to tiår har ikkje somaliarane hatt høve til å sende og ta imot post frå utlandet grunna uroa i landet. No har landet inngått ein avtale med FN sitt postvesen.

Fisker i Somalia

Ein fiskar på veg til marknaden i hovudstaden Mogadishu. Situasjonen i Somalia har ikkje vore stabil så lange som no på 20 år.

Foto: Stuart Price / Afp

Ikkje sidan borgarkrigen starta i 1991 har Somalia opplevd ein så lang periode utan ustabilitet som no.

Det vil likevel vere store praktiske utfordringar med å igjen få posten fram i det borgarkrigsherja landet. Ingen av postkontora er i drift, berre dei største vegane har namn og dei fleste husa har ikkje nummer, melder Reuters.

Dei konfliktfulle tilhøva med både al-Qaida-opprørarar og skipspiratar vil utvilsamt gjere jobben vanskeleg for FN-organisasjonen Universa Postal Union (UPU), som no har inngått eit samarbeid med regjeringa i Somalia om å levere post.

Det blir dermed endeleg høve til å sende og motta post i landet, etter ein stans på 22 år.

Kan sende post om få veker

Sveits-baserte UPU sa nyleg i ein utsegn at internasjonal postutsending kan starte opp igjen allereie i løpet av dei neste vekene.

Informasjonsministeren i Somalia, Abdullahi Hirsi, signerte nyleg ein intensjonsavtale med Dubai-selskapet Emirates Post Group for at Dubai skal fungere som ein sentral for post med adresse i Somalia.

Minst to millionar somaliarar bur i utlandet, og rundt ti millionar bur i Somalia. I Noreg bur det rundt 30.000 somaliarar.

Dei har i 22 år måtte leve med eit nærast ikkje-eksisterande postvesen. I 1991, før borgarkrigen braut ut, var det rundt 100 postkontor i landet.

Historisk ambassadeopning

Talsperson i UPI, Rheal Leblanc, seier at Somalia har oppretta eit kontor på hovudflyplassen for å handtere post inn og ut av landet, for det meste retta mot styresmaktene, ambassadar og universitet.

Eit anna teikn på optimisme i Somalia kom førre veke, då Storbritannia opna ein ambassade ved flyplassen i hovudstaden Mogadishu, etter at den førre ambassaden stengte i 1991. Storbritannia er det einaste vestlege landet som har ein ambassade i det krigsherja landet.

Landet har i årevis vore rekna for eitt av verdas mest korrupte og farlegaste, så farleg at mange FN-land har sag nei til å hjelpe samfunnet.

Utanlandske soldatar i 1991 nærast vart kjeppjaga av opprørarar og amerikanske soldatar vart slept til døde gjennom gatene i Mogadishu, til skrekk og åtvaring.