Drapet på Rahmo Abdukardir skjedde søndag kveld, og er det siste i ei rekkje journalistdrap i krigsherja Somalia.
Den drepne kvinna jobba for den private radiostasjonen Radio Abduwaq og er den tredje journalisten som er drepen i Somalia hittil i pår.
- LES OGSÅ:
– Veit ikkje kvifor
Det er kollegaer av kvinna og augevitne som fortel om drapet til nyheitsbyrået AFP.
– Ein av våre kvinnelege tilsette blei skoten og drepen i Mogadishu. Me veit ikkje kvifor ho vart drepen, og me er i sjokk, seier direktøren Abdikarin Ahmed.
Augevitna fortel at mennene nærma seg reporteren før dei losna fleire skot og sprang av garde.
– To menn væpna med pistolar skaut kvinna. Dei skaut mot henne fem gonger før dei flykta, seier vitnet Abdi Moalin Shire til AFP.
– Ho hadde følge av ei anna jente, men gjerningsmennene sikta ikkje på henne. Ho sprang vekk og ropa på hjelp, seier eit anna vitne, Issa Mohamed.
Utlovar dusør
I 2012 blei minst 18 journalistar og medietilsette drepne i Somalia. Det er dobbelt så mange som det høgaste talet som tidlegare var registrert.
Lovlause Somalia følgjer dermed hakk i hæl på verstingen, borgarkrigsherja Syria, når det gjeld drap på pressefolk.
Mistanken blir ofte retta mot al-Shabab-opprørarar tilknytta terrornettverket al Qaida når somaliske journalistar blir angripne.
Vald og lovløyse har prega Somalia etter at president Siad Barre blei styrta i 1991. I over 20 år var landet utan ei fungerande sentralmakt - regjering, politistyrke eller eit nasjonalt rettsvesen.
Etter ein lang prosess med støtte frå FN fekk Somalia endeleg på plass ein ny regjering i 2012.
Førre månad utlova den somaliske regjeringa ein dusør på 50.000 dollar til den som gav informasjon som resulterte i ei «vellukka domfelling av ein journalist-drapsmann».