Hopp til innhold

Soldatar skyt mot kvarandre i Sudan

Høge matprisar har skapt stor uro i den afrikanske stormakta Sudan. Tusenvis er ute i gatene i det lukka landet, og soldatar har starta å kjempe mot kvarandre.

X80002

Dei store demonstrasjonane vaks seg endå større i helga. Folk i Sudan er misnøgde med høge matprisar og eit autoritært regime.

Foto: STRINGER / Reuters

Regimet i Sudan har starta å vakle for alvor etter nye eskaleringar i demonstrasjonane som har vart i fleire månader. Videoar på sosiale medium viser heftig skotveksling og enorme folkemengder i Sudans hovudstad, Khartoum.

Blokkerte inngangen til forsvarsdepartementet

Demonstrantane er misnøgde med høge matprisar og stor inflasjon. Løysinga deira er å fjerne presidenten, og få på plass ein overgangsregjering.

Men det vil ikkje Sudans mektige og autoritære president Omar al-Bashir. Mannen som tok makta ved eit kupp i 1989 har sagt at han i det minste vil sitte til valet i april neste år.

Fram til no har demonstrasjonane i stor grad vore rolege i landet kor militæret har kontroll på det meste, men i helga eskalerte det ytterlegare då demonstrantar oppsøkte Sudans forsvarsdepartement. Eit lite folkehav stilte seg framfor inngangen til departementet.

Laster Twitter-innhold

Splittar regimet

Tryggingsstyrker har forsøkt å få demonstrantane bort frå inngangen ved å skyte ut tåregass, men demonstrantane har fått støtte frå soldatar som tilhøyrer landets hær. Det heile førte til skyting mellom dei to grupperingane, noko som kan vere eit alvorleg signal for landets regime.

Sudan

Presset aukar rundt Sudans president Omar al-Bashir.

Foto: Hassan Ammar / AP

Mange av demonstrantane vil få hæren til å vende seg mot president Omar al-Bashir. Om dei klarer det, så vil dei også sitte med mykje av makta. Mykje av maktstrukturen er bygd opp rundt hæren i landet.

Men ein Sudan-ekspert meiner derimot at kampane mellom styrkane kan vere planlagde for å finne ein måte for Bashir å komme seg ut av situasjonen han har hamna oppi.

– Hæren vil gjerne komme ut av dette ved å vere dei som redda Sudan frå kaos, seier Sudan-ekspert, Alex de Waal, til Al Jazeera.

Demonstrasjonane starta først i desember, og handla om misnøye med den store inflasjonen i landet som har ført til høge matprisar. Etter kvart dreia demonstrasjonane seg meir i retning av generell misnøye med landets regime og president.

Fleire titals drepne

Omar al-Bashir har leia Sudan sidan 1989, då han tok makta frå ei demokratisk vald regjering.

Han er skulda for å stå bak folkemord på innbyggjarar i den urolege Darfur-regionen, vest i landet. Difor er han også etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen.

Demonstrasjonane starta i desember og er ofte høglydte, og dei siste dagane har det vore mykje skyting i lufta, mens det dei aller fleste stader har gått roleg for seg.

Men eskaleringa i demonstrasjonane dei siste dagane har ført til at minst sju personar er drepne, og rundt 2.500 er arresterte.

Sidan demonstrasjonane starta for fire månader sidan har styresmaktene registrert 38 drepne, medan Human Rights Watch meiner 51 er døde i demonstrasjonane, deriblant barn og helsepersonell.

X80002

Mange tusen demonstrerer i Sudan. Nokre stader har det vore skyting i lufta, og bruk av tåregass.

SISTE NYTT

Siste nytt