NRK Meny
Normal

Solberg snakka om norsk radikalisering i Indonesia

I morgontimane onsdag trefte Erna Solberg religiøse leiarar i Indonesia, verdas mest folkerike muslimske land. Statsministeren tok opp radikalisering og fremmedkrigere, problem Noreg og Indonesia deler.

Erna Solberg møtte presidenten i Indonesia

Erna Solberg og president i Indonesia, Joko Widodo.

Foto: NRK

– Noreg har noko å lære av dei største religiøse gruppene i Indonesia, som trass i uro, lev i fred med kvarandre, meiner statsminister Erna Solberg.

Solberg besøkte onsdag den største moskeen i søraust-Asia, Istiqlal, i hovudstaden Jakarta.

Innføring av dødsstraff har ført til storm

President Joko Widodo er presidenten som vert kalla Indonesia sitt svar på Barack Obama. I dag var den raude løparen rulla ut i presidentpalasset for Erna Solberg.

Men Widodo si gjeninnføring av dødsstraff har ført Indonesia ut i ein internasjonal diplomatisk storm.

På fangeøya Nusakambangan ventar to australske narkotikasmuglarar på dødsstraffa, saman med fangar frå blant anna Frankrike, Brasil og Filippinane.

Norsk utdanna utanriksminister forsvarar dødsstraff

Utanriksminister Retno Marsudi var inntil nyleg ambassadør i Oslo. Ho har studert menneskerettar på Blindern, men forsvarar no dødsstraff med flaumen av narkotika har ført Indonesia til ein unntakstilstand.

– Sjå det også frå ståstaden til offera. For millionar av indonesiske menneske som er råka, og familiane deira som må bruke mykje pengar på å få borna sine tilbake til normalen. Er ikkje det også brot på menneskerettane, spør Mansudi.

Ho meiner dette er øydeleggande for den unge generasjonen i Indonesia.

Solberg bad om nåde for australske fangar

Andlet til andlet med presidenten, bad Erna Solberg om nåde for dei neste i avrettingskøen. Myuran Sukumaran (33) og Andrew Chan (31) frå Australia har vore fengsla i snart ti år for å ha forsøkt å smugle åtte kilo heroin frå Bali til Australia. Dei kan verte avretta når som helst no.

– Min bodskap er at Noreg er prinsipielt motstandar av dødsstraff, vi er aktivistar mot dødsstraff uansett kva for eit land det foregår i, seier Erna Solberg

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt