Hopp til innhold

Slovenia kan bli neste kriseland

Finansministrane i EU betaler ut ein ny runde kriselån til Hellas og Kypros. No fryktar EU at Slovenia blir det neste landet som må reddast.

Ljubljana

Det er vakkert, men dei økonomiske problema ser ut til å tårne seg opp i den slovenske hovudstaden Ljubljana.

Foto: Darko Bandic / Ap

statsminister Alenka Bratusek

Den nye, slovenske statsministeren Alenka Bratusek meiner ai skatteauke er det minste av fleire onder som kan hjelpe Slovenia ut av det økonomiske uføret.

Foto: SRDJAN ZIVULOVIC / Reuters
Slovenia

Regjeringa seier at dei slovenske bankane vil trenge 900 millionar euro i ny kapital innan utgangen av juli. IMF reknar med at talet er enda høgare.

Foto: SRDJAN ZIVULOVIC / Reuters
Sigurd Pettersen

Slovenia vil delprivatisere ei rekkje statlege bedrifter i eit forsøk på å unngå å be EU om kriselån. Blant bedriftene er skiprodusenten Elan, her brukt av den norske hopparen Sigurd Pettersen i 2004.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix
Hellas demo

Hellas treng framleis pengar frå EU for å betale ut løner og pensjonar.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / Afp

Finansministrane frå heile eurosonen er no samla i Brussel for å diskutere vegen vidare for landa som er hardast råka av eurokrisa. EUs redningsfond vedtok måndag å utbetale den første hjelpepakka til Kypros, medan Hellas no får si nest siste utbetaling av kriselånet frå 2010.

No er EU-toppane djupt bekymra for situasjonen i Slovenia, som kan bli det neste landet som må be EU om krisehjelp. Slovenia har i lang tid kjempa for å unngå å be EU om eit kriselån, med dei politiske vilkåra det inneber.

Frå før har Hellas, Irland, Portugal, Spania og Kypros fått kriselån frå EU.

LES: To av tre unge er uten jobb

Skal selje statsbedrifter

Førre veke la regjeringa i Slovenia fram ei plan for å unngå krisehjelp, som inneber å delprivatisere 15 statlege bedrifter. Blant dei finn vi den nest største banken i landet, Nova Kreditna Banka Maribor. Staten skal òg selje delar av Telekom Slovenija, Adria Airways, flyplassen i Ljubljana og skiprodusenten Elan.

Regjeringa vil òg auke momsen og inntektsskatten, og varslar nye skatteauker til neste år.

– Slovenia kan klare seg utan krisehjelp, men landet må gjennom nokre smertefulle økonomiske omleggingar, sa den tyske finansministeren Wolfgang Schäuble til tysk radio etter møtet mandag.

LES: Monti advarer mot innstramminger

Varslar skatteauke

Statsminister Alenka Bratusek seier at skatteauke er det minste av fleire onder, og at det er eit grep som truleg vil bli teke godt imot av Europakommisjonen. Kommisjonen skal avseie sin dom over planen i slutten av mai.

Finanseksperten Alenka Bratusek vart utpeika som ny statsminister i februar i år. Forgjengaren Janez Janša vart kasta etter avsløringar om store udokumenterte inntekter og skuldingar om korrupsjon. Han hadde òg gjennomført svært upopulære sparetiltak som eit botemiddel mot finanskrisa.

Nest etter Hellas var Slovenia det landet der gjennomsnittsinntekta gjekk mest ned frå 2009 til 2010.

Bankane er problemet

Slovenia er det landet i tidlegare Jugoslavia som har klart seg aller best. Landet har ei høgt utdanna befolkning og arbeidsløysa er lågare enn snittet i EU. Slovenia har eit stort spekter av industribedrifter, og fram til finanskrisa var eksporten svært god.

Ein stor del av Slovenia sitt problem er ein stor, statleg banksektor som har gjeve mange usikre lån. Ifølgje regjeringa treng dei slovenske bankane 900 millionar euro i ny kapital innan utgangen av juli, men IMF reknar med at talet er enda høgare.

Framleis flest ledige i Hellas

Finansministrane vedtok mandag å utbetale 3 milliardar euro til Kypros, medan Hellas fekk utbetalt 7,5 milliardar.

Dette er nest siste utbetaling til Hellas av krisepakka som vart vedteke i 2010. Hellas treng pengane for å betale ut løner, pensjonar og lån.

Det internasjonale Pengefondet (IMF) seier at Hellas har hatt framgang med å handtere budsjettunderskotet sitt. Men framleis har landet store problem med skattesvik.

Hellas har òg den høgaste arbeidsløysa i EU. Ifølgje Eurostat er 27,2 prosent utan jobb i Hellas.

SISTE NYTT

Siste nytt