Hopp til innhold
Urix forklarer

Slik kom dei fram til årets fredsprisvinnar

Får vi ein fredspris som spelar rett inn i den amerikanske valkampen? Berre Nobelkomiteen veit.

Clinton vs Trump

Vil Fredsprisen 2016 spele direkte inn i den amerikanske valkampen?

Når døra går opp og Kaci Kullmann Five trer inn i blitz-regnet er verdas håpefulle på tå hev; Paven, Merkel, Kerry, Sharif, Mukwege. Og mange fleire. Vinnaren kan ha fått eit lite vink, men ikkje alltid.

Nobelåret

John Kerry på G20-møtet

John Kerry er nominert til Nobels fredspris.

Foto: WANG ZHAO / Ap

Det er konklusjonen på ein prosess som har vart eit drygt halvår. Som inkluderer Nobelkomiteen, forskarar og ekspertar – konsulentar frå inn- og utland.

Fristen for å nominere går ut allereie 1. februar. Etter det kan komiteens eigne medlemmer supplere lista, men berre fram til første komitemøte rundt 1. mars. Ingen som då ikkje står på lista kan få prisen.

Parlamentsmedlemmer og regjeringsmedlemmer i inn- og utland, statsoverhovud og ein del universitetsfolk er blant dei som kan nominere. Aldri før har det vore fleire nominerte – 376 i talet.

Finaleheatet

Denis Mukwege kledd i dress. Grå og gul bakgrunn.

Denis Mukwege er nominert til Nobels fredspris.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / Afp

Nobelkomiteens medlemmar møtest ei handfull gongar på begge sider av sommaren. Gjennom våren blir lista over aktuelle kandidatar redusert til under ti. Den sokalla kortlista.

Det er dette som er finaleheatet, det er desse som gjennomgår den grundigaste vurderinga. Av Nobelinstituttets eigne folk og av innleigde konsulentar.

Avgjerda fell på i eit av komiteens møter over sommaren. Alt er hemmeleg, heller ikkje konsulentane får komiteens konklusjon.

Nobelkomiteen må redde Colombia

Haustens store tema

Store internasjonale prosessar har ligge i potten i år. Atomavtalen mellom stormaktene og Iran, klimaavtalen frå Paris, fredsprosessen i Colombia. Blir det Iran-avtalen, vil prisen spele rett inn i det som er haustens store tema, den amerikanske valkampen.

Donald Trump er imot, Hillary Clinton for. Noko av det same vil skje med ein eventuell klimapris.

Angela Merkel

Angela Merkel er nominert til Nobels fredspris.

Foto: FABRIZIO BENSCH / Reuters

Donald Trump er dessutan blant dei nominerte til fredsprisen i år, men han er neppe på noko kortliste.

Årevis på kortlista

Kandidatane på kortlista kan gjerne vere gjengangarar. Liu Xiaobo – den kinesiske dissidenten som fekk ein av dei mest omstridde prisane i nyare tid – var ein av dei.

Mange er også vurdert av konsulentar fleire gongar utan å nå opp. Den kongolesiske fødselslegen Denis Mukwege er nominert i år igjen. Kanskje er det hans tur i år?

Å stå fleire år på kortlista svekkjer ikkje eit kandidatur. Kanskje tvert om.

spekulasjoner om hvem som kan vinne prisen som deles ut i Oslo i morgen

VIDEO: Kandidatar til Nobels fredspris

Nobelkomiteen må redde Colombia

Kabal

Pave Frans holder en redningsvest

Pave Frans er nominert til Nobels fredspris.

Foto: Gregorio Borgia / Ap

Komiteen ønskjer ein balanse mellom enkeltpersonar og organisasjonar. Den tar også omsyn til kjønn og geografi, men det er sjeldan avgjerande. Langt fleire menn enn kvinner har fått prisen, Vesten er kraftig overrepresentert. Latin-Amerika, til dømes, er underrepresentert.

Lenge var partane i fredsavtalen for Colombia favorittar til årets pris. Men prosessen vart forseinka, og sist helg nedstemt i ei folkerøysting. Ein eventuell pris til Colombia-prosessen vil vere eit sjansespel. Colombia-prosessen kan dessutan vere like aktuell neste år.

Fredspris til avgjørende avtaler eller menneskelig mot?

«Fifteen minutes of fame»

Geir Lundestad

Geir Lundestad var i mange år sekretær for Nobelkomiteen.

Foto: Svend Even Hærra / NRK

Internasjonalt er kunngjeringa av fredsprisen Norges «fifteen minutes of fame». På førehand er det spekulert; i The Guardian, USA Today og Times of India. Og NRK – for den del. Av og til har det lekka, ofte ikkje.

Offentleggjeringa blir dekka av dei globale tv-aktørane. I Geir Lundestads tid fekk alle som vitja Nobelinstituttet høyre sitatet frå The Oxford Dictionary; «The world's most prestigious prize». At prisen har slik tyngde kan skuldast den grundige prosessen.

Mykje er hemmeleg gjennom Nobelåret. Men sikkert er at det heile blir avrunda med feiring, seremoni og fakkeltog i Oslo 10. desember, på Alfred Nobels dødsdag.

Og på nyåret er på'an igjen.

SISTE NYTT

Siste nytt