NRK Meny
Normal

Slik kan Romney tape valet

Det finnast vel knapt noko meir gjennomregissert enn presidentdebattane i USA. Likevel kan det fort gå gale når kandidaten skal klare seg utan manus og presserådgjevarar i 90 minutt.

Debates Defining Moments Richard M. Nixon

26. september 1960: Richard M. Nixon i debatt med John F. Kennedy. Han tørkar sveitte av overleppa, til ingen nytte.

Foto: Ap

GOP Romney Worries Mitt Romney

Det er sjeldan det amerikanske publikumet får sjå kandidatane i fri dressur. Det får dei i kveld.

Foto: Bryan Oller / Ap

Presidentdebattane kan få stor innverknad på om det blir Mitt Romney eller Barack Obama som flyttar inn i det kvite hus.

For her blir kandidatane ikkje berre målt på politikk, men korleis dei framstår, kva kunnskapar dei har og kor flinke dei er til å parere uventa angrep. Viser kandidaten usikkerheit eller svakheit, kan dette bety slutten for presidentdraumen.

Her er eit par legendariske eksempel på debattar som endra historia. Debattar som rådgjevarane til Romney og Obama heilt sikkert har studert før nattas debatt:

Ein leksjon i det visuelle

1960: Kennedy var solbrun, sjarmerande og sjølvsikker. Nixon kom rett frå sjukehuset og var bleik med flakkande blikk.

Dei sveitte overleppene til Nixon stod i grell kontrast til Kennedy, som såg ut som han var klar til å flytte inn i det kvite hus.

Debatten fekk æra for at JFK vann ein knapp siger. Berre 100.000 stemmer skilde kandidatane.

Dukakis' politiske død

Bush og Dukakis

13. oktober 1988: Michael Dukakis har tapt debatten mot George Bush. Han angrar i dag på at han ikkje tok til motmæle mot dei mange hårreisande angrepa.

Foto: Scanpix

1988: Guvernør Michael Dukakis var lenge favoritt, men fekk presidentdraumen torpedert av tidenes bakhaldsangrep.

Moderatoren spurde Dukakis det som kanskje er amerikansk debatthistorie sitt mest skandaløse spørsmål:

– Guvernør, viss Kitty Dukakis (kona) blir valdteken og myrda, ville du vere
for at mordaren fekk dødsstraff?

Dukakis var dødstraffmotstandar og allereie stempla som ein veik liberalar. Han gjekk ikkje til motangrep på Bush i debatten, og veljarane meinte han ikkje hadde teke kona si i forsvar.

Dukakis fall på meiningsmålingane same kveld.

Moderatoren frå CNN, Bernard Shaw, fekk kraftig kritikk for spørsmålet i ettertid. Men skaden var allereie skjedd.

- Kva var det du sa igjen?

gerald Ford

Gerald Ford debatterar i 1976.

Foto: RTV

1976: President Gerald Ford viste total mangel på kunnskap om utanrikspolitikk då han påstod at Sovjetunionen ikkje hadde makt over landa i Aust-Europa. Moderatoren, Max Frankel, frå New York Times, trudde han hadde høyrt feil:

– Orsak men forstår eg det slik at du meiner at Aust-Europa ikkje ligg i Sovjetunionens interessesfære, at dei ikkje okkuperer landa der med stridsvogner og soldatar?

Men Ford stod på sitt, han insisterte på at Polen, Romania og Jugoslavia var frie land, der kommunistane ikkje hadde noko innverknad.

Det kunnskapslause svaret øydela valkampen for Ford som til slutt tapte mot Jimmy Carter.

Ironisk nok var Gerald Ford den første republikanske presidentkandidat som gjekk med på å stille i TV-debatt sidan Nixon sin katastrofale opptreden i 1960.

– It's the economy stupid

DENMARK CLIMATE SUMMIT

Slagord frå amerikanske debattar lever vidare og blir brukt av aktivistar verda over.

Foto: Anja Niedringhaus / AP

1988: Valkampgeneral Lee Atwater utvikla ein enkel og kraftfull mediestrategi for George Bush den eldre. Han fokuserte på enkle slagord som var lette å huske, som «read my lips, no new taxes.» Bush den eldre bombarderte motstandarane med slagorda når han debatterte, uansett kva spørsmål han fekk.

Men då Bush stilte til gjenval i 1992 hadde demokraten Bill Clinton lært seg triksa, og han belærte Bush med sitt eige slagord: Its the economy stupid. For Bush hadde auka skattane og veljarane følte det som eit svik. Og Bill Clinton var mannen som visste å snakke om følelsar.

I talkshow alderen gjorde Clinton stor lukke med slagordet «I feel your pain.»

Men i 2004 var Bush-klanen tilbake og dei hadde smidd det perfekte slagordet for å knuse demokraten John Kerry: "Flip-flop." Dei hevda senatoren voterte for og mot dei same sakene. At han mangla integritet fordi han "flip floppa" på alle saker. Det var ikkje så nøye at alle politikarar ”flip-floppar.” Kerry var ein merka som supermaktas vinglepetter nummer 1.

Erfaring mot ungdom

1984: Skodespelaren Ronald Reagan var ein meister i å snu negativt til positivt. Noko han viste i debatten med Walter Mondale.

– Eg vil ikkje bruke min motstandar sin unge alder og mangel på erfaring mot han, svarte Reagan på spørsmålet om 73 åringen ikkje var for gammal til å bli president.

Mondale mot Reagan

22. oktober 1984: Sjølv Walter Mondale må le av Ronald Reagan når han lovar å ikkje bruke den unge alderen hans mot han.

Foto: RTV

Sjølv den demokratiske motstandaren måtte le av svaret. Reagan vann med god margin.

Når kroppsspråket avgjer

Bush ser på klokka

I 1992 fekk Bush den eldre kritikk for å kikke på klokka når Ross Perot snakka.

Foto: RTV

2000: Av og til presterer debattantane å dumme seg ut sjølv om dei ikkje seier noko som helst. Al Gores kroniske sukk og stønn når Bush snakka vart sett på som påtatt og overdrive.

Då Gore byrja vandre over til Bush sitt podium syns publikum det berre var rart. So sjølv om Gore tapte knapt, gjorde han lite for å sanke stemmer under debattane.

Men det er ikkje berre Gore som har gått i den ikkjeverbale fella. Bush den eldre fekk kjeft for å ha sett på klokka når Ross Perot snakka i 1992.

Bløffa seg inn i det kvite hus

Lincoln - Douglas

1858: Abraham Lincoln debatterte over fire månader med sin rival Stephen Douglas.

Foto: Wikipedia

1858: Abraham Lincoln og Stephen Douglas debatterte sju gongar over fire månader. Og dette blir rekna som byrjinga på presidentdebattar i USA.

Den store saka var slaveri, og Lincoln vart angripen fordi han ville sette slavane fri.

Men under den sjette debatten i Quincy, gjorde Lincoln det klart at han hadde ingen slike planar. Lincoln vann valet, men haldt ikkje vallovnaden sin.

– Du er ingen Jack Kennedy!

Av og til får kandidatane so mykje juling at det blir siger på knockout. Ein av dei som måtte ta telling var Dan Quayle, visepresidentkandidaten til George H.W. Bush i 1988.

Sjå debatten her.

Quayle var ein ung senator frå Indiana, med ein slags kennedyesque utsjånad. Han brukte dette i valkampen. Mange irriterte seg over at den konservative og litt puslete republikanaren Quayle forsøkte å slå politisk mynt på Demokratene sitt ikon og martyr.

Då han – som forventa – også gjorde det i visepresidentdebatten i Omaha 5. oktober, greip motstandaren, den godt vaksne visepresidentkandidaten Lloyd Bentsen, sjansen.

– Senator, I served with Jack Kennedy, I knew Jack Kennedy, Jack Kennedy was a friend of mine. Senator, you're no Jack Kennedy! sa Bentsen.

Det var ein politisk knockout som verda aldri har sett maken til.

Når dei politisk hjernedøde dansar

Lloyd Bentsen og Dan Quayle

5. oktober 1988: Bentsen gjorde reint bord, men presidentdebattane er viktigare, so Bush/ Quayle gjekk av med sigeren likevel

Foto: IPTV

Verre gjekk det for admiral James Stockdale. Han var visepresidentkandidat for Ross Perot i 1992. Krigshelten gjorde ein so dårleg figur at han vart parodiert av Saturday Night Live.

Stockdales opningsreplikk var: – Kven er eg? Kvifor er eg her? Det retoriske spørsmålet skulle vise at han ikkje var nokon karrierepolitikar, men ein mann av folket. Men det gjekk ikkje lenge før publikum byrja lure om Stockdale faktisk visste kor han var. Det mest tragikomiske augneblinken kom då han fekk eit overraskande spørsmål frå moderatoren.

– Beklagar eg hadde gløymt å skru på høyreapparatet, kan du stille spørsmålet ein gong til?

Det kjem nok korkje Romney eller Obama til å gjere. Men det debatthistoria viser er at eit skeivt ord eller uventa spørsmål kan endre verdshistoria.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt