Hopp til innhold

Hæren og opprørarane utvekslar skuldingar om kjemiske våpen

Den syriske regjeringshæren og opprørarane skuldar kvarandre for å brukt kjemiske våpen i eit angrep i Aleppo i dag.

Mogleg kjemisk angrep i Aleppo.

Partane skuldar kvarandre for å ha brukt kjemiske våpen i byen Khan al-Assal i Aleppo-regionen.

Foto: - / Afp

Opposisjonsgruppa Syria Observatory of Human rights seier at 26 menneske er drepne i angrepet, og at minst 16 av de er regjeringssoldatar. Syriske styresmakter seier at 16 menneske er drepne og 86 såra.

Mange born vart innlagde ved sjukehuset i Aleppo etter angrepet.

Mange born vart innlagde på sjukehuset i Aleppo med pustevanskar etter angrepet.

Foto: GEORGE OURFALIAN / Reuters

Observatory of Human Rights seier i ei fråsegn at ein bakke-til-bakke-rakett vart skoten av opprørarane mot dei stilling halden av den syriske hæren, men at dei ikkje kan seie noko om det vart brukt kjemisk materiale

– Ei alvorleg opptrapping

Den syriske informasjonsministeren seier at opprørarane har avfyrt ein rakett med kjemisk materiale mot byen Khan al-Assal i Aleppo-regionen. Han kallar angrepet ei alvorleg opptrapping, samstundes som han gjer det klart at den syriske hæren aldri ville finne på å bruke våpen som er ulovlege etter internasjonale avtalar.

Talsmannen seier at raketten vart skoten frå eit område i Khan al-Assal som opprørarane kontrollerer.

Etter angrepet vart det meldt om at fleire personar i nærområdet hadde store pusteproblem, og dette kan vere ein effekt av kjemiske våpen. Dersom det viser seg at det verkeleg er bruk kjemiske våpen, så er det første gong sidan opprøret mot Hafez al-Assad starta for vel to år sidan.

Video frå Syria,det meste frå sjukehus der offera er innlagde.

Skuldingar om bruk av kjemiske våpen

LES OGSÅ: – Opprørerne har kjemiske våpen

Opprørarane nektar

Ein talsmann for opprørarane i dette området avviser at dei har hand om kjemiske våpen, og skuldar regimet til Hafez al Assad for å ha sendt ei langtrekkjande Scud-rakett med kjemisk materiale mot byen. Han avviser også at opprørarane har tilgang til langtrekkjande rakettar.

Både USA og Storbritannia har tidlegare gjort det klart at dersom det syriske regimet tek i bruk kjemiske våpen, så vil NATO revurdere si avgjerd om ikkje å gripe inn militært i Syria.

– Vi vurdere opplysningane etter kvart som dei kjem inn. Vi kan ikkje sjå at det er bevist at opprørarane har brukt kjemiske våpen, men vi har tidlegare sagt at dette spørsmålet er avgjerande for oss, seier talsmann for Det kvite hus, Jay Carney.

LES OGSÅ: Se de syriske opprørernes hjemmelagde våpen

LES OGSÅ: Opprørarar tok leir nær Golan

- Eit alvorleg svar

Ei talskvinne for det britiske utanriksdepartementet seier at bruk av kjemiske våpen i Syria vil måtte føre til eit alvorleg svar frå det internasjonale samfunnet og tvinge oss til å revurdere det vi har meint hittil.

Israel har gjort det klart at dei vil gripe inn dersom det viser seg at den libanesiske Hizbollah-militsen, som støttar det syriske regimet, får hand om kjemiske våpen eller avanserte våpen som kan brukast mot israelske fly.

Det var ein fotograf frå Reuters som først melde frå om at mange av offera for angrepet hadde store pusteproblem, og at mange hadde klaga på klorinlukt like etter nedslaget. Han seier at mange av offera var kvinner og born.

Dei syriske opprørarane, i alle fall ein del av gruppene, har valt Ghassa Hitto til statsminister, på eit møte i Istanbul. Hans første utspel etter valet var klinkande klart: Det blir aldri aktuelt å forhandle med regimet til Hafez al-Assad.

LES OGSÅ: «Det er bedre med den djevelen vi kjenner»

SISTE NYTT

Siste nytt