Hopp til innhold

Opprørarar tok leir nær Golan

Syriske opprørarar tok i dag kontrollen over ein militærleir åtte kilometer frå den demilitariserte sona på Golanhøgdene nær grensa til Israel.

Kamppar mellom opprørarar og regjeringsstyrkar nær Golandhøgdene.

Den siste tida har det vore kampar nær Golanhøgdene, blant anna ved landsbyen Jamlah.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

Leiren ligg i byen Shagara, og det har vore kampar om leiren i fem dagar. Leiren er truleg eit etterretningssenter.

Fleire land har uttrykt uro over at både regjeringsstyrkane og opprørarane i Syria dei siste vekene fleire gonger har gått inn i våpenkvilesona.

FN-observatørane i området har redusert patruljeringa etter at 21 observatørar vart bortførde av opprørarar sist veke. Desse vart seinare sette fri, men bortføringa har starta spekulasjonar om at FN kan kome til å trekkje tilbake observatørane sine.

Dette kan igjen føre til eit tryggingsvakum i området, som kan auke sjansane for at Israel kan bli trekt med i kamphandlingane.

Eine av opprørarane, Abu lyas al-Haurani, seier til nyheitsbyrået reuters at leiren var eit kontrollsenter for den såkalla shabiha-militsen, som ifølgje opprøraren vart brukt til å torturere fangar.

- Ved å gjenerobre leiren set vi heile byen Shagara fri, seier han.

LES OGSÅ: «Det er bedre med den djevelen vi kjenner»

LES OGSÅ: Israel trefte mål i Syria

SISTE NYTT

Siste nytt