Deie tre ungdomane på 16 og 17 år vart først såra av ein israelsk stridsvogn nær ei jødisk busetjing i Gaza. Legar på Rifah-sjukehuset i Gaza by seier at tenåringane etter skytinga vart slegne og så stukne ihel med knivar av israelske soldatar.
- Vi har gjennomført obduksjon og kan fastslå at ungdomane vart torturerte ihel, seier ein direktør ved sjukehuset.
Den israelske hæren tilbakeviser skuldingane.
Dei palestinske styresmaktene har bede den amerikanske utsendingen Anthony Zinni sjå på lika, slik at dei kan få ei nøytral stadfesting av kva som skjedde.