Hopp til innhold

Utfordrar Abrams skuldar guvernør for å gjere huda hennar mørkare i valreklamane

Skuldingar om forfalska bilete og veljarundertrykking pregar valkampen i den amerikanske delstaten Georgia.

Brian Kemp og Stacey Abrams

Sitjande guvernør Brian Kemp og utfordrar Stacey Abrams.

Foto: John Bazemore / AP

Stacey Abrams, som stiller til guvernørval for demokratane i den amerikanske delstaten Georgia, seier ho er utsett for falske skuldingar frå sitjande guvernør Brian Kemp.

Til MSNBC seier ho at Kemp feilaktig påstår at ho er motstandar av lov og orden.

Ho meiner også at han prøver å skremme veljarar ved å gjere huda hennar mørkare på kampanjeplakaten sin enn den eigentleg er.

Dette er ein skjermdump frå ein kampanjevideo som Brian Kemp la ut 21. oktober.

Dette er ein skjermdump frå ein kampanjevideo som Brian Kemp la ut 21. oktober.

Foreløpige tal frå førehandsstemminga tyder på rekorddeltaking. Det er dette Abrams meiner skremmer republikanarane.

– Eg har merka at Kemp har brukt nesten kvar einaste rasetrope som finst i politikken. Han kalla meg ei «sint svart kvinne» oppe på scena, han gjorde huda mi mørkare i reklamane sine.

– I motsetnad til Kemp føler eg ikkje trong til å liste opp alle mennene som støttar meg.

Meiner Abrams har brukt same taktikk

Talsperson for Kemp sin kampanje, Tate Mitchell, seier til NRK at motstandaren sine klagar på bileta er «ein desperat taktikk av ein desperat kampanje».

«Filtera og teksten» som var brukt i Kemp sine TV-reklamar blei brukte «på uniformt vis med fleire personar og over fleire bilete. Det å insuere det motsette er heilt vanvitig», skriv Mitchell i ein e-post til NRK.

Mitchell sende også eit dokument med skjermdumpar frå Abrams sine kampanjereklamar.

Han meiner nemleg at demokratane i Georgia har gjort det same med hans bilete – altså endra på dei for å setje Kemp i eit dårleg lys.

Brian Kemp i ei av kampanjereklamane til Stacey Abrams.

Slik blir Kemp presentert i ei av kampanjereklamane til Abrams. Talsperson Tate Mitchell seier dei derfor ikkje kan bli kritiserte for å bruke filter og tekst i sine eigne reklamar.

Vil at fleire svarte skal registrere seg som veljarar

Georgia har fleire enn ti millionar innbyggarar. 3,3 millionar av desse er svarte, altså kring ein tredel.

Abrams seier at desse veljarane framleis er utsette for angrep på stemmeretten frå republikanarane i Georgia.

Valkampen er godt i gang, og mange veljarar har allereie stemt. Sjølve valdagen er 8. november.

Abrams har i fleire år drive kampanje for å få svarte til å registrere seg som veljarar i Georgia, og ho har kjempa mot vallovverk som innskrenkar stemmeretten.

Ho stilte også til val i 2018, men tapte til Kemp, som då definerte seg sjølv som ein støttespelar av Trump. Det gjer han ikkje lenger, etter at kongressen blei storma tidleg i 2021.

Sjølv om Kemp seier han jobbar for at barn med minoritetsbakgrunn skal ha dei same moglegheitene som kvite amerikanarar, er dei to ueinige om det meste.

Eitt av plakatane Brian Kemp til årets valkamp.

Ein annan av reklamane til Kemp, som håpar på å bli vald på ny i haust.

Kandidatane kranglar om utdanningspolitikk, helsepolitikk, innvandring, våpenlover og arbeidarar sine rettar.

Til no er det Kemp som har leia meiningsmålingane i Georgia, med 50,9 %. Abrams ligg eit stykke bak, med 44,6 %.

48 år gamle Abrams er utdanna jurist frå Yale. Ho er fødd som eitt av seks sysken i ein familie i Gulford i delstaten Mississippi.

Ho har hatt leiande roller for Det demokratiske partiet i delstatskongressen i Georgia i mange år.

Ifølgje den britiske avisa The Guardian har ho også gitt ut åtte romantiske spenningsromanar, under pseudonymet Selena Montgomery.

SISTE NYTT

Siste nytt