Hopp til innhold

Burt Reynolds er død

Den amerikanske filmskodespelaren Burt Reynolds er død, 82 år gammal.

Burt Reynolds er død.

Skodespelaren Burt Reynolds er død, 82 år gammal.

Foto: Dylan Martinez / Reuters

Det melder Hollywood Reporter. Reynolds er kjend frå blant anna dei populære «Smokey and the Bandit»-filmane, der han spelte mot Sally Field. Han hadde også viktige roller i filmane «Deliverance», «Boogie Nights», «The Cannonball Run», «Starting Over» og «The Longest Yard».

Reynolds sa ein gong at det viktigaste for han var å ha så mykje moro som mogleg både på film og på fritida, noko han ifølgje Hollywood Reporter lukkast med fullt ut. Han vart nominert til Oscar for rolla si som pornoredaktøren Jack Horner i «Boogie Nights» frå 1997.

Action og komediar

Burt Reynolds

Burt Reynolds fekk si eiga stjerne på Hollywood Walk of Fame i 1978.

Foto: Brich / AP

Han var først og fremst kjent som action-skodespelar, der han ofte gjennomførte sine eigne stunts, men spelte også i fleire romantiske komediar, til dømes «Starting Over» med Jill Clayburgh og Candice Bergen. Seinare spelte han i «The Best little Whorehouse in Texas» saman med Dolly Parton og saman med Goldie Hawn i «Best Friends».

Det høyrer med til historia om Burt Reynolds også at han sa nei til fleire roller, som gjorde andre skodespelarar til superstjerner. Han skal ha vore førstevalet til regissøren Milos Forman då han gjekk i gang med «Gjøkeredet». Den filmen førde Jack Nicholson inn i det definitive toppsjiktet blant amerikanske skodespelarar.

Reynolds takka nei også til rolla som Han Solo i Star Wars, noko Harrison Ford sikkert var glad for. Han var også førstevalet til regissøren i megasuksessen «Times of Endearment» til rolla som den tidlegare astronauten Garrett Breedlove, ei rolle som også gjekk til Jack Nicholson.

Så sent som i 2017 spilte Burt Raynolds i dramafilmen The Last Movie Star.

Hollywood-sjarmør

Han sa også nei til hovudrolla i suksessen Die Hard, ei rolle som gjorde Bruce Willis til superstjerne i Hollywood.

Burt Reynolds jobba også som regissør og produsent.

Burt Reynolds

Burt Reynolds poserer med ein Pontiac Trans-Am 1977-modell i 2016.

Foto: Jack Plunkett / AP

Han blir nok hugsa best for actionrollene sine, og for å vere ein skikkeleg Hollywood-sjarmør. Solbrillene og barten var eit kjenneteikn for den populære filmkjendisen. Han har mange meir eller mindre langvarige forhold, blant andre til Sally Field, Inger Stevens og Chris Evert, i tillegg til to ekteskap.

Det var med Judy Carne frå 1963 til 1966 og Loni Anderson frå 1988 til 1993. Begge ekteskapa var stormfulle, og skilsmissa frå Loni Anderson var særleg prega av offentleg skittentøyvask.

Ei ellevill ferd

Burt Reynolds.

Burt Reynolds i velmaktsdagane sine i 1979.

Foto: AP

Det var kanskje «Smokey and the Bandit»-filmane som gjorde han verdskjend. I første filmen i 1977 skal han i ein Pontiac Trans-Am køyre frå Texas til Atlanta på 28 timar. Det blir ei elleville ferd. Han plukkar opp ei haikande Sally Field, og i ville fart, og med politiet i hælane, går ferda gjennom USA.

Saman med «Star Wars» vart dette den store kassasuksessen i Hollywood dette året, og ikkje nok med det. Salet av Pontiac Trans-Am auka formidabelt som følgje av filmen.

Den verdskjende regissøren Alfred Hitchcock sa ein gong at «Smokey and the Bandit» var favorittfilmen hans.

Burt Reynolds avslutta memoarane sine med desse orda:

«Eg ville alltid ha med meg alt og avslutte med ein fest. Så langt har det gått bra. Eg veit eg er gammal, men eg kjenner meg ung. Og det er ein ting dei aldri kan ta frå meg. Ingen har hatt det meir moro enn meg».

SISTE NYTT

Siste nytt