Hopp til innhold

Sjukehus kollapsa i India

Minst 50 personar skal ha blitt fanga i ruinane då eit sjukehus braut saman i den indiske byen Bhopal. To er stadfesta omkomne.

To mista livet og 16 blei såra då taket på eit sjukehus i byen Bhopal kom ramlande ned fredag 26.april.

Redningsarbeidarar måtte brøyta seg gjennom massive sementblokker for å leita etter innesperra menneske etter at eit toetasjars sjukehus kollapsa i sentral-India.

Vitne til sjukehus-kollaps

Sushil Agarwal var vitne til at sjukehuset rasa saman.

Foto: AP / Reuters

Utan førevarsel brast taket på det to etasjar høge statlege Kasturba Gandhi-sjukehuset i byen Bhopal fredag.

– Bygget fall saman i ei røys. Det var veldig skremmande. Eg høyrde at 40-50 personar vart sperra inne. Nokre av dei ligg fanga under ruinane, andre har blitt redda ut. Men framleis er det folk som sit fast der inne, sa Sushil Agarwal, eit lokalt augevitne til Reuters like etter at sjukehuset rasa saman.

Gamalt og skrøpeleg

Bhopal er den provinsielle hovudstaden i Madhya Pradesh, sentralt i India.

I morgontimane laurdag opplyser lokale styresmakter at redningsarbeidet no er avslutta, og at alle som var inne i bygget er henta ut.

– Redningsmannskapet fann to døde personar under arbeidet med å fjerna bygningsrestane, seier talsperson for dei provinsielle styresmaktene, Nikunj Shrivastava til nyhetisbyrået AFP.

I tillegg er 16, personar såra. Situasjonen er alvorleg for ein av dei.

Bygget frå 1966 var i dårleg forfatning og det føregjekk renoveringsarbeid då taket plutseleg kom ramlande ned, opplyser ein talsperson for helsestyresmaktene.

På grunn av renoveringa var første etasjen ute av drift

– Bygget var gammalt og vedlikehaldsarbeid måtte til kvart år. Me kjem til å undersøkja grundig kva som skjedde, seier sjefen for selskapet som drifta sjukehuset til AFP.

Sjukehus kollapsa i India

Selskapet som drifta det nesten 50 år gamle sjukehuset seier det var skrøpeleg, men vil granska kollapsen.

Foto: Reuters

Mange farleg bygg

At bygg kollapsar skjer relativt ofte i sørlege delar av Asia.

Tryggingskrav og reguleringar blir ikkje teke omsyn til, og utbygging av nye etasjar og konstruksjonar skjer ofte utan offentleg godkjenning. Bruk av tarvelege bygningsmaterialar og mangel på tilsyn forverrar situasjonen.

Sjukehus-ulukka i India skjedde berre få dagar etter at ein fabrikkbygning kollapsa i nabolandet Bangladesh. Det er hittil funne 340 omkomne etter tragedien, medan 900 framleis er sakna.

SISTE NYTT

Siste nytt

Kraftige sammenstøt på universitet i California

Proisraelske og propalestinske studenter gikk natt til onsdag løs på hverandre på universitetsområdet til UCLA. Demonstrasjonene er på kokepunktet i 25 amerikanske byer.

Politiet gjekk inn på universitet med store styrkar

Samstundes som demonstrantane vart arresterte av politiet, vart dei heia fram av unge palestinarar på Gazastripa.