Hopp til innhold

Sjølvmordsbombar i Tyrkia - PKK tar på seg skulda

Ein person skal ha sprengt seg sjølv utanfor Innanriksdepartementet i Tyrkia, medan ein andre person skal ha blitt avvæpna på staden.

Politi og militæruniformerte menn går på ei gate. Ein mann i full bombedrak gåt med eit slags stativ mot ein liten bil.

Ei bombe skal ha gått av i nærleiken av det tyrkiske parlamentet.

Foto: Reuters

Kurdistans arbeidarparti, betre kjent som PKK, har tatt på seg skylda for angrepet i Ankara søndag morgon. Det melder nyheitsbyrået AFP.

Både Tyrkia og EU har rørsla på si terrorliste.

– Ei offerhandling blei utført mot det tyrkiske Innanriksdepartementet av eit lag frå vår «Udøydelege brigade», skal PKK ha sagt til det kurdiske nyheitsbyrået ANF.

Parlamentet skulle opne i dag

Angrepet skjedde i nærleik til det tyrkiske parlamentet, som skulle opne att i dag etter å ha vore sommarstengt. Det var venta at president Recep Tayyip Erdogan skulle vere til stades på opninga.

Det har vore knytt spenning til denne datoen, då den tyrkiske presidenten har sagt at han vil starte arbeidet med å godkjenne svensk Nato-medlemskap idet parlamentet opnar att.

Tyrkia blokkerte Sveriges Nato-søknad i over eit år, mellom anna for å «huse PKK-terroristar».

For å bli godkjent av Erdogan, har Sverige inngått ein avtale med Tyrkia. I avtalen bind Sverige seg mellom anna til å auke innsatsen i kampen mot PKK.

Les også Sverige og Tyrkia har blitt einige

Tyrkias president Erdogan handhelsar på Sveriges statsminister Ulf Kristersson. Mellom dei står generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg.

Eksplosjon og skotveksling

Søndag morgon fekk tyrkisk politi meldingar om ein eksplosjon og skotveksling nær parlamentet i hovudstaden Ankara.

Ambulanse, politi, redningsmannskap og bombepersonell rykte raskt ut til staden.

To personar skal ha parkert ein bil framfor Innanriks­departementet klokka halv ti søndag morgon, og utført eit bombeangrep.

– Ein av terroristane sprengde seg sjølv i lufta, den andre terroristen er «nøytralisert», skriv innanriksministeren, Ali Yerlikaya, på sin Facebook-profil.

To sikkerheitsvakter skal ha blitt skada i angrepet. Yerlikaya takkar dei to for «heroisk innsats» og opplyser at ingen av dei skal vere livstruande skada, men at dei er sendt til sjukehus.

Ein liten sølv bil. Døra er open. Bak han står masse politifolk.

Dei to personane skal ha kome til staden i denne bilen.

Foto: CAGLA GURDOGAN / Reuters

Ber folk ikkje få panikk

Ifølge det tyrkiske nyheitsbyrået Hürriyet skal den andre personen ha blitt avvæpna av ei sikkerheitsvakt som var på staden idet personen klargjorde eit våpen. Også denne personen skal ha hatt ei bombe.

Sikkerheitsdirektoratet i Ankara bad folk om ikkje å få panikk, og presiserte at den siste bomba er fjerna frå området, og at ho bli detonert «på ein kontrollert måte».

– Forrædersk handling

Fleire politikarar har fordømt angrepet. Handelsminister Ömer Bolat skriv på X/Twitter at den tyrkiske staten vil utrydde «all form for terrorisme», medan justisministeren kallar det for ei forrædersk handling.

Innanriksminister Ali Yerlikaya skriv at kampen mot terror, narkotikahandlarar, gjengar og organisert kriminalitet, vil halde fram.

Søndag ettermiddag kommenterte Erdogan hendinga:

– Skurkane som truar borgarane sin fred og sikkerheit, har ikkje oppnådd måla sine, og vil aldri oppnå dei.

Eit militært køyretøy med militære rundt.

Bombespesialistar fjerna ei udetonert bombe frå staden.

Foto: ADEM ALTAN / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt