Sjølvmordsaksjonisten sprengde seg ved ein militær kontrollpost ikkje langt frå byen Tulkarem på Vestbreidda, nær grensa mellom Israel og Vestbreidda. Det var først meldt at sjølvmordsbombaren var ei kvinne, men seinare vart det sagt at det var uklart kva kjønn vedkomande hadde.
Ein av dei, ein israelsk soldat, skal vere alvorleg såra. Ein annan soldat og ein palestinar fekk lettare skadar. Det er klart at eksplosjonen skjedde like utanfor eit kontor som skriv ut reisepass til palestinarar som skal inn i Israel.
Al Aqsa-brigadane, ei utbrytargruppe frå Fatah-partiet til Yasir Arafat, har teke på seg skulda for sjølvmordsaksjonen i dag, melder AFP.
Palestinske kjelder opplyser at israelske styrkar gjekk inn i Tulkarem like etter sjølvmordsaksjonen og innførte portforbod.
Sist laurdag vart 19 israelarar drepne då ei palestinsk kvinne først skaut tryggingsvakta utanfor ein resutarant i Haifa, og deretter sprengde seg sjølv i lufta.
Etter denne aksjonen har Israel sendt ekstra soldatar til Vestbreidda og styrkt vakthaldet, for å prøve å hindre nye terroraksjonar.