Hopp til innhold

Sjølvmordsaksjon mot legestudentar

Minst seks legestudentar er drepne og 23 såra i ein sjølvmordsaksjon mot det viktigaste militærsjukehuset i Kabul i Afghanistan i dag.

Afghanske regjeringsstyrkar ved sjukehuset etter eksplosjon.

Afghanske regjeringsstyrkar har stengt av området rundt sjukehuset.

Foto: EBU

Fleire er kritisk såra, og det er venta at talet på drepne vil stige.

Taliban-talsmann Zabihullah Mujahid skriv i ein E-post til fleire nyheitsbyrå at Taliban sende to angriparar til sjukehuset, og at mange vart drepne.

LES OGSÅ: NATO-tankbiler angrepet i Pakistan

Sjølvmordsaksjon

Afghansk soldat utanfor sjukehus etter eksplosjon.

Afghanske soldatar stengde av området etter eksplosjonen.

Foto: EBU

Fjernsynsstasjonen Tolo melder at eksplosjonen vart utløyst av ein sjølvmordsbombar, og at ein annan angripar kom i kamp med tryggingsstyrkar inne i sjukehuset. Det er uklart om han vart teken av dage av tryggingsstyrkane.

Eksplosjonen skjedde i eit telt inne på sjukehusområdet, der ei gruppe medisinstudentar hadde lunsjpause, melder Tolo.

Alle vegane til sjukehuset er sperra av tryggingsstyrkar, og også store styrkar frå hæren og politiet er no inne på området. Ei vestlege militær kjelde seier til nyheitsbyrået AFP at også er meldt om skyting inne på sjukehuset.

LES OGSÅ: Afghanistan: 13 drept i buss-angrep

LES OGSÅ: – Ti drept i Afghanistan-protest

Vart slått til bakken

Tett vakthald etter eksplosjonen i Kabul

Afghanske soldatar patruljerer utanfor sjukehuset etter sjølvmordsaksjonen.

Foto: EBU

Augevitnet Mohammad Hakim, som har ei salsvogn for frukt like ved sjukehuset, fortel at det gjekk lang tid før politiet kom til staden.

- Det var ein kraftig eksplosjon, eg vart slått til bakken. Politiet kom ikkje før ein halv time etter eksplosjonen, seier han.

Ein lege inne på sjukehuset seier over telefon til AFP at tryggingstyrkar leitar etter eventuelt andre angriparar inne på sjukehuset.

Våroffensiv

Det har vore ein auke i sjølvmords-angrep i Afghanistan den siste månaden. Truleg er det Taliban som står bak. Den islamistiske organisasjonen varsla i slutten av april at dei hadde starta sin store våroffensiv.


Torsdag vart 35 menneske drepne i eit angrep mot anleggsarbeidarar på eit vegprosjekt i det austlege Afghanistan.

Sjukehus et ligg i eit område av Kabul med strengt vakthald, og det er mange ambassadar og internasjonale organisasjonar som held til i nærleiken av sjukehuset.

Saka blir oppdatert

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


SISTE NYTT

Siste nytt