NRK Meny
Normal

Sjefen i Volkswagen trekker seg etter skandalen

Martin Winterkorn trekker seg frå stillinga som konsernsjef for Volkswagen etter utsleppsjuks på dieselbilar. Men han nektar framleis for at han kjente til jukset.

Volkswagen-sjef Martin Winterkorn

Martin Winterkorn går av som sjef i Volkswagen so følgje av dieselskandalen.

Foto: Richard Drew / Ap

Toppsjefen måtte onsdag forklare seg for selskapet sitt forretningsutval om utsleppsskandalen. Same dag kom nyheita om at tysk påtalemakt opnar etterforsking av bilgiganten.

– Ny start

Ifølgje Bloomberg var det viktig for utvalet å finne ut av om Winderkorn visste at det fanst eit opplegg som skulle lyre utsleppsmyndigheiter og kundar til å tru at selskapet sine dieselmotorar slepp ut mindre miljøgifter enn kva som er tilfelle.

Då møtet var over var det klart at Winterkorn sine dagar som toppsjef er over.

– Volkswagen må starte på nytt, også når det gjeld personale. Eg trer no til side for å gjere rom for ein slik start, heiter det i ei kunngjering frå Winterkorn.

USA-VOLKSWAGEN File photo of Winterkorn, CEO of German carmaker Volkswagen and his counterpart of German sports car maker Porsche AG Mueller posing in front of a Porsche Boxter car in a production line at the Volkswagen plant in Osnabrueck

Martin Winterkorn i VW (t.h) og Porsche-sjef Matthias Müller.

Foto: FABIAN BIMMER / Reuters

– Eg kjente ikkje til feila

Vidare skriv han at han er forferda over det som har skjedd dei siste dagane.

– Framfor alt kan eg ikkje forstå korleis feil i eit slikt omfang har vore mogleg innan Volkswagen-konsernet, held han fram. Han tek det heile og fulle ansvaret for skandalen og understrekar at han trekker seg av fri vilje.

– Eg gjer det i selskapets interesse, sjølv om eg ikkje kjente til desse feila, skriv Winterkorn.

Utilgiveleg juks

Administrerande direktør i NAF, Stig Skjøstad reagerer med avsky mot utsleppsjukset frå Volkswagen.

Stig Skjøstad, NAF

Stig Skjøstad i NAF meiner utsleppsjukset frå VW er utilgiveleg mot kundane.

Foto: Erik Norrud / NAF

– Det er jo gode testar for dette, både i Europa og USA, og det er klart at når ein byrjar å manipulere dette så er utilgiveleg mot kundane og forbrukarane, seier Skjøstad.

Han meiner at når kundane gjer miljøvenlege val og går for bilane med den nye teknologien, så må ein kunne stole på at produsentet gjer det dei skal og ikkje triksar med utsleppa.

11 millionar bilar

Selskapet har vedgått å ha installert programvare i Volkswagen og Audi-bilar som får dei til å stå fram som meir miljøvenlege enn det dei faktisk er.

Det gjeld 11 millionar bilar, seier selskapet sjølve.

Bilane er pynta på og juksa med, og dei slepp ut store mengder farlege gassar. Kor mange som køyrer på norske vegar, anar ingen. Sjølv ikkje importøren.

– Truleg fleire bilar i Noreg

– Det er truleg fleire slike bilar her i Noreg, men kor mange veit vi ikkje, seier Espen Andersson, seksjonssjef i Vegvesenet.

Miljødirektoratet har bede om eit møte med Vegdirektoratet for å få meir informasjon om saka, og kva den betyr for Noreg.

Ifølgje VG er det selt 96.000 Volkswagen-, Audi-, og Skodamodellar i Norge som kan vere råka av jukset.

Volkswagen-biler i Chicago

Det amerikanske miljødirektoratet EPA meiner desse bilane har juksemotor: Jetta, Beetle, Passat og Golf.

Foto: SCOTT OLSON / Afp
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt