Hopp til innhold

Winterkorn må svare Volkswagen-styret i dag

Visste toppsjefen i Volkswagen om jukseprogrammet som var installert i 11 millionar bilmotorar? Det må Martin Winterkorn svare for i dag.

Volkswagen-sjef Martin Winterkorn

MÅ GÅ? I dag må toppsjefen i Volkswagen svare for kva han visste og ikkje visste om dieselskandalen som vart rulla opp tysdag.

Foto: Richard Drew / Ap

I eit krisemøte i dag må toppsjef Martin Winterkorn svare for om kva han visste og ikkje visste om jukset bilgiganten har drive med, skriv Bloomberg News.

Må forklare seg for styret

Styret skal møtast fredag etter planen, men likevel må Winterkorn møte deler av styret allereie i dag onsdag for å fortelje om si rolle i skandalen som vart rulla opp måndag om den tyske bilprodusenten.

Om han vert sitjande eller ikkje veit ingen. Fleire tilsette i konsernet har uttrykt at denne saka må få konsekvensar.

Det er allereie spekulert i kven som eventuelt skal ta over sjefsstolen i Volkswagen om det endar med at Winterkorn må gå.

Nokre av kandidatane som vert nemnde er Matthias Mueller, som no er leiar for Porche eller Herbert Diess, som akkurat har starta i selskapet etter fleire år i BMW.

Storbritannia vil at EU skal etterforske utsleppstestar.

- Eg ber EU-komminsjonen handsame denne saka som ei hastesak, seier den britiske transportministeren onsdag.

Lova gjennomgang

Winterkorn sjølv har lova full gjennomgang av saka, og sa i ei kunngjering tysdag at dei jobbar hardt for å finne ut kva konkret som har skjedd i saka.

Saka er den største skandalen i selskapet si 78-år lange historie.

Og aksjen på Volkswagen raste tysdag ytterlegare 20 prosent på europeiske børsar og kan risikere den dårlegaste børsnoteringa på fire år.

Selskapet sin sjef i USA, der skandalen vart oppdaga, MIchael Horn, legg seg flat og håpar dei skal klare å vinne kundane sin tillit etter dette.

– Vi var uærlege, vi har dumma oss ut. Vi må fikse bilane og unngå at dette skjer igjen, sa han måndag kveld.

SISTE NYTT

Siste nytt