Hopp til innhold

Kan vere fleire juksebilar på norske vegar

Bilane er pynta på og juksa med, og dei slepp ut store mengder farlege gassar. Kor mange som køyrer på norske vegar, anar ingen. Sjølv ikkje importøren.

USA-VOLKSWAGEN File photo of Winterkorn, CEO of German carmaker Volkswagen and his counterpart of German sports car maker Porsche AG Mueller posing in front of a Porsche Boxter car in a production line at the Volkswagen plant in Osnabrueck

MÅ FORKLARE: Martin Winterkorn, toppsjefen i Volkswagen (t.h) som i dag må forklare kva informasjon han sat med i jukse-saka.

Foto: FABIAN BIMMER / Reuters

Onsdag ettermiddag starta tyske myndigheiter etterforsking av Volkswagen etter jukseskandalen i USA.

Selskapet har vedgått å ha installert programvare i Volkswagen og Audi-bilar som får dei til å framstå meir miljøvennlege enn det dei faktisk er.

Det gjeld 11 millionar bilar, seier selskapet sjølve.

Jobbar på spreng

Anita Svanes

JOBBAR PÅ SPRENG: VW Norge og Møllergruppen jobbar på spreng for å få ei oversikt over skandalen, og korleis den slår ut i Norge, opplyser presseansvarleg Anita Svanes.

Foto: pressefoto

– Vi arbeider på spreng med å finne ut kor mange bilar dette gjeld. Men vi veit per no ikkje noko om kor mange norske motorar som er råka, seier informasjonssjef Anita Svanes i Møllergruppen, som importerer Volkswagen til Norge.

Svanes seier til NRK at fabrikken stadfestar at det ikkje er noko risiko knytt til eventuelle bilar som er på norske vegar med dette motorstyringsprogrammet.

– Det skal ikkje vere nokon tryggleiksrisiko med desse motorane, og kundane kan køyre bilane som normalt, seier Svanes.

Dei arbeider no med ei undersøking for å kartlegge kor mange bilar det er snakk om, og kva for type modellar det er.

Statens Vegvesen bur brev

Det var eit forskarteam ved West Virginia University som felte bilgiganten, skriv Huffington Post.

Eit forskingsprosjekt til 50.000 dollar og fem forskarar viste at Volkswagen har lurt amerikanske testar for å få ned utsleppa sine.

Forskinga var betalt av International Council on Clean Transportation (ICCT) i 2013. Deretter kom U.S. Environmental Protection Agency and California Air Resources Board (CARB) på bana og.

Statens Vegvesenet bur no eit brev til tyske myndigheiter for å få klårleik i saka.

– Truleg fleire bilar i Norge

– Er det truleg at det er slike bilar på vegane i Norge?

– Det er truleg fleire slike bilar her i Norge, men kor mange veit vi ikkje, seier Espen Andersson, seksjonssjef i Vegvesenet.

Miljødirektoratet har bede om eit møte med Vegdirektoratet for å få meir informasjon om saka, og kva den betyr for Norge.

I følgje VG er det solgt 96.000 Volkswagen-, Audi-,og Skodamodellar i Norge som kan vere råka av jukset.

Vil endre regelverket

Det har lenge vore arbeidd med å sikre at testing av bilar fungerer betre enn det gjer i dag. EU skal i 2017 ha eit nytt regelverk på plass for å sikre at testing av utslepp samsvarer betre med vanleg bruk av bilane.

– Norge er med i dette arbeidet, og vi ser på det som svært viktig. Målingane no viser ikkje reelle utslepp, og det er eit problem.

– Er det dermed lett å jukse for bilprodusentane, slik vi ser VW har gjort i USA?

– Om det er juks eller om dei tilpassar seg regelverket, er vanskeleg å seie, svarer Andersson.

Går til sak mot VW

Partiet Dei Grøne i Tyskland har tidlegare utfordra myndigheitene på saka.

Målet er å få meir presise resultat gjennom å førebu måleprosessen, var svaret frå regjeringa, skriv NTB. The US Environmental Protection Agency (EPA) meiner utsleppa kan vere 40 gonger høgare enn det tillate nivået i USA.

Sky News melder onsdag at eit advokatfirma i Chicago no går til eit gruppesøksmål mot Volkswagen. Årsaka til søksmålet at advokatfirmaet meiner eigarane av slike bilar no har tapt pengar sidan bilane dei eig har falle i verdi.

SISTE NYTT

Siste nytt