Hopp til innhold

Sjampanjekorkene spratt

Rykta seier at det var fest i korridorane i Verdsbanken i forgårs, at sjampanjekorkene spratt og folk song og klemte kvarandre som det skulle ha vore OL-gull eller finalesigeren i Melodi Grand Prix.

Paul Wolfowitz

Paul Wolfowitz er sjef i Verdensbanken fram til 30. juni.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / AFP

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

I vekevis har dei tilsette i hovudkvarteret i Washington gått rundt med blå sløyfer på jakkeslaget, som ei markering på at dei ønskte Paul Wolfowitz vekk. Og 17. mai fekk dei det som dei ville - presidenten i Verdsbanken varsla avgangen sin.

I praksis fekk han sparken.

Dei europeiske landa godtok sterkt motvillige at han overtok toppjobben i Verdsbanken

Gunnar Myklebust, NRK-kommentator

Solidaritetsmarkering

I snart to månader har han kjempa med ryggen mot veggen, og ga først opp da dei få internasjonale støttespelarane forsvann denne veka.

Mye tyder på at han ikkje forstod at dei krassaste kritikarane hadde han i etasjane under seg i bankbygningen i Washington. Det gjekk lang tid før han skjøna kva dei blå sløyfene til medarbeidarane tydde. Han skal visstnok ha pynta seg med ei sjølv, i tru på at det var ei solidaritetsmarkering mot malaria.

Granskingskommisjonen til Verdsbanken var krystallklar tidlegare i veka: Wolfowitz hadde brote det etiske regelverket da han kom til banken for to år sidan og ga kjæresten sin der ein solid lønsauke.

Hauken blant haukane

Isolert sett er det kanskje ikkje verdas største skandale. Slikt har skjedd i mange firma, og det tar seg aldri pent ut. Men den som sit og forvaltar offentlege midlar og skil mellom rett og gale blant dei fattige stakkarane som skal håpe på lån og hjelp, bør absolutt holde sin eigen sti rein. Ikkje rart det blei skrike både om hykleri og korrupsjon.

Men saka rundt Wolfowitz har dimensjonar langt forbi løna til kjæresten. Den dreier seg like mye om det anstrengte forholdet mellom Bushadministrasjonen og resten av verda. Wolfowitz har i mange år vore ein kontroversiell politikar pga. rolla si bak krigen mot Irak. Frå skyggetilveret som amerikansk viseforsvarsminister har han hatt stor ideologisk innverknad på presidentskapen til Bush. Han er framstilt som hauken blant haukane og den fremste ideologen blant dei neokonservative.

Kmpen mot korrupsjonen

Dei europeiske landa godtok sterkt motvillige at han overtok toppjobben i Verdsbanken, og håpte at det skulle hjelpe til å bygge bru etter motsetnadene rundt Irak.

Og Paul Wolfowitz gjorde litt av kritikken til skamme. Han fekk blant anna gode skussmål for innsatsen sin for gjeldslette, noe som ga han nye allierte blant fattige afrikanske land som var likegyldige til Irakkrigen.

Men det tok ikkje lang tid før han kom på kant igjen med alle andre. Kritikarane hans såg eit mønster i lånepolitikken hans, korleis han tilsynelatande straffa eller premierte land ut frå amerikanske interesser. Kampen mot korrupsjonen, som har vore den store fanesaka hans, syntest ikkje å vere like overordna i strategisk viktige land som Irak, Afghanistan og Pakistan som i andre. I Uzbekistan, blei det hevda, stansa han eit verdsbankprosjekt etter at landet nekta amerikanske militærfly å lande der.

200 milliardar kroner i året

Paul Wolfowitz er president i Verdsbanken enda ein god månad, men det er bare i namnet. I praksis er han fråtatt all makt både overfor folk og pengar i banken, men held fortet til president Bush har utpeikt ein etterfølgjar. For tradisjonen seier at USA har toppjobben i Verdsbanken, mens Europa utnemner leiaren for søsterinstitusjonen IMF (Pengefondet). Tida er moden for å endre på både dette og hint, seier kritikarane. Og dei ser ein sjanse nå når Wolfowitz går.

Dei vil reformere ein finansinstitusjon som ikkje har den same betydninga i dag som for noen tiår sidan. Banken formidlar framleis lån for 200 milliardar kroner i året, men det meste går til land som nå greier seg godt på den private lånemarknaden. Mens dei mest trengande får lite og inkje.

Noen spør til og med om Verdsbanken strengt tatt er nødvendig lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt