Hopp til innhold

Senatet vil ikkje endre våpenlova

Senatet i USA har stemt nei til eit forslag om å utvide bakgrunnssjekk av personar som ynskjer å kjøpe våpen. Lovforslaget vart lagt fram etter skytemassakren i Orlando.

Congress Guns Richard Durbin, Richard Blumenthal, Chris Murphy, Charles Schumer, Harry Reid

Ingen av dei fire forslaga til innstramming i våpenlova fekk fleirtal i sentatet i USA. Frå venstre Richard Durbin, Richard Blumenthal, Harry Reid, Chris Murphy og Charles Schumer.

Foto: Alex Brandon / Ap

Fire forslag til innstrammingar i våpenlova blei lagt fram for senatet i USA. Ingen av dei fekk fleirtal. Det er massakren i Orlando, der 49 menneske blei drepne, som på ny har skapt debatt om våpenlovene i USA.

Både det republikanske og demokratiske partiet la fram to forslag kvar, men ingen av dei fekk dei 60 stemmene som var naudsynt for å få fleirtal og dermed vedtatt ei endring. Medan demokratane kalla dei republikanske forslaga for svake, meinte republikanarane at dei demokratiske forslaga ville vere for restriktive.

Nightclub Shooting Afghan Americans

49 menneske blei drepne under massakren på utestaden Pulse i Orlando.

Foto: Red Huber / Ap

Ville bakgrunnssjekke dei som kjøper våpen

Den demokratiske senatoren Chris Murphy argumenterte for å forby terrormistenkte å kjøpe våpen. Eit anna forslag var å utvide bakgrunnssjekken av dei som ynskjer å kjøpe våpen. I dag kan privatpersonar innan ein stat kjøpe våpen av kvarandre, medan forhandlarar må gjere ein bakgrunnssjekk på dei som kjøper våpen.

Guns Congress Chris Murphy, Richard Blumenthal

Forslaget frå senator Chris Murphy var eit av dei fire som blei avvist i Senatet.

Foto: J. Scott Applewhite / Ap

– Dagens terroristar brukar automatvåpen i staden for bomber eller fly for å angripe amerikanarar, sa Murphy.

Han viste til at dei amerikanske politikarane etter 11. september-angrepa i 2001 bestemte at det ikkje skulle vere mogleg for terroristar å få tak i fly for å drepe sivile.

I dag har terroristane gått vidare til automatvåpen. Dei rekrutterer spesielt einsame ulvar som kan gå og kjøpe våpen. Det må vi stoppe, heldt senator Murphy fram.

Massedrapsmannen Omar Mateen hadde våpenløyve, trass i at han fleire gongar hadde vore i FBI sitt søkelys.

Konstitusjonell rett til å bere våpen

Republikanarane, og deira allierte hjå våpenlobbyistane i NRA, meinte dei demokratiske forslaga ville vere både for restriktive og trakke på den konstitusjonelle retten til å bere våpen. Det melder Reuters.

McConnell Conservatives Mitch McConnell

Den republikanske senatoren Mitch McConnell meiner demokratane bruker situasjonen som har oppstått etter masseskytingen i Orlando.

Foto: Cliff Owen / Ap

Leiaren for dei republikanske senatorane, Mitch McConnell, sa til nyheitsbyrået AP etter avstemminga at demokratane ikkje var oppriktige i forsøket på å endre våpenlova.

– I staden for å bruke dette som ein moglegheit for å skubbe den politiske agendaen framfor seg, forsøker republikanske senatorar å fremje løysingar som kan bidra til å halde amerikanske innbyggjarar trygge frå terrortrusselen, sa McConnell.

Avstemminga følgde langt på veg dei partipolitiske skiljelinene i senatet. Eit republikansk forslag om å auke løyva til systemet for bakgrunnssjekk blei også stemt ned.

Dermed stranda det fyrste forslaget på å reformere våpenlovene i USA etter massakren i Orlando. Det var ikkje venta at det ville vere fleirtal for forslaga i senatet, der republikanarane har fleirtal.

SISTE NYTT

Siste nytt