Hopp til innhold

SAS får igjen 700 millionar frå EU-kommisjonen

SAS kan plusse på inntektene sine med rundt 700 millionar kroner i andre kvartal i år, etter at EU må betale tilbake bota SAS måtte betale for prissamarbeid i 2010.

SAS Ground Services-mannskap på Kastrup i København

Gode nyheiter for SAS. EU-kommisjonen må betale tilbake rundt 700 millionar kroner selskapet betalte i 2010.

Foto: JOHAN NILSSON / SCANPIX

I dag vart det klart at EU-kommisjonen ikkje kjem til å anke avgjerda frå EU-domstolen om at pengane, 70,2 millionar euro, må førast tilbake til SAS. Kommisjonen kunne ha anka avgjerda til EU-domstolens høgsterett, men valde altså ikkje å gjere det.

Dommen oppheva

Knut Morten Johansen, informasjonssjef SAS

– Tilbakebetalinga frå EU-kommisjonen vil kome på rekneskapen for andre kvartal i år, seier informasjonssjef Knut Morten Johansen i SAS.

Foto: BJORN H STUEDAL / BJORN H STUEDAL www.stuedal.no

Det var i november i 2010 at EU-kommisjonen gjekk ut med at SAS og 11 andre flyselskap hadde delteke i eit internasjonalt prissamarbeid, såkalla kartellverksemd, på flyfrakt. SAS anka avgjerda til EU-domstolen , som i desember i fjor oppheva dommen frå EU-kommisjonen.

– Dette var svært gledeleg. Vi har meint heile tida at denne bota var urettmessig, og det var derfor vi anka til EU-domstolen, seier ein glad informasjonssjef i SAS, Knut Morten Johansen, til NRK.

Han opplyser at pengane vil gå inn i rekneskapen for andre kvartal i år som ein eingongspost, og at dette naturleg nok vil vere med på å løfte resultatet. Tala for andre kvartal vil bli lagt fram i juni.

– Saka er avgjort

Rekneskapen for første kvartal blir lagt fram 8. mars, men tilbakeføringa av pengane frå EU-kommisjonen vil ikkje få noko å seie for desse tala.

Johansen fortel at det er mogleg for EU-kommisjonen til å fremje ei ny sak om det påståtte prissamarbeidet, men at det truleg er svært liten sjanse for at dei skal gjere det.

– Vi ser på denne saka som avgjort, og vi får tilbake pengane, seier nøgd Knut Morten Johansen.

SISTE NYTT

Siste nytt