Mistanke om pengejuks i samband med presidentvalkampen i 2007 er årsaken til at fransk politi no startar ei etterforsking av den franske presidenten Nicolas Sarkozy.
- LES OGSÅ:
Det er den rikaste kvinna i Frankrike, Liliane Bettencourt som skal ha støtta Sarkozy sin valkampanje før presidentvalet i 2007 med 150.000 euro eller om lag 1,2 millionar kroner i kontanter.
L`Oreal-arving står bak
SARKOZY-FAN: L´Oreal-arving og rikaste kvinne i Frankrike, Liliane Bettencourt.
Foto: AfpBettencourt er arvingen bak kosmetikkimperiet L`Oreal. Personen som varsla politiet om den ulovlege pengeoverføringa er ein tidlegare rekneskapsførar i selskapet.
Pengane skal ha vorte overførte som ei «gåve» i kontanter til arbeidsminister Eric Woerth tidleg i 2007. Den gong var Woerth kasserar i partiet UMP.
Både Sarkozy og Woerth avviser skuldingane om at det skal ha skjedd noko ulovleg.
Grense på 40.000
OTTESAM: Den franske presidenten, Nicolas Sarkozy har mykje å uroe seg for om dagen. Her under ein pressekonferanse i juli, 2010.
Foto: PHILIPPE WOJAZER / ReutersIfølgje fransk lov skal private bidrag til politiske valkampanjar avgrensast til om lag 40.000 kroner. Det er dessutan ikkje lov å betale ein høgare sum enn 1200 kroner i kontantar.
Franske styresmakter har også tidlegare hatt L’Oreal-eigaren Bettencourt i søkjelyset.
- LES OGSÅ:
Den 87 år gamle kosmetikk-arvingen vert etterforska for skatteunndraging og kvitvasking av pengar, skriv nyheitsbyrået Reuters.