Det vart losna skot mot demonstrantar i dei egyptiske byane Alexandria og Port Said etter at det tysdag kveld braut ut ein valdeleg konflikt mellom motstandarar og tilhengjarar av president Hosni Mubarak.
– Me måtte dukka for ikkje å bli trefte av skota, seier ein Al Jazeera-reporter som er tilstades i Alexandria, Egypts nest største by.
«Me elskar Mubarak»
Store folkemassar fyller framleis gatene i fleire egyptiske byar etter 8. dagar med demonstrasjonar mot sitjande president Hosni Mubarak.
Etter fleire dagar med fredelege protestar, sette ein TV-tale med Hosni Mubarak sinna i kok blant demonstrantane i Alexandria.
Tilhengjarar og motstandarar av Mubarak barka saman like etter at presidenten hadde annonsert at han ikkje kjem til å stilla til attval i september.
- LES OGSÅ: – For sliten til å stille til gjenvalg
«Ryk og reis» og «me elskar Mubarak» er utrop som vitnar tvert ulike synspunkt blant demonstrantane.
– Me vil forsvara Mubarak med vårt eige blod, var bodskapen til folkegruppa som openbart støttar presidenten som har styrt Egypt i tre tiår.
– Væpna med knivar
Ein tilhengjar av opposisjonsgruppa Det muslimske brorskap, Mohamed Sudan, fortel til Al Jazeera at gjengar væpna med knivar og pinnar plutseleg gjekk til åtak på fredelege demonstrantar som hadde tenkt å overnatta i ein park i sentrum.
– Demonstrantane ropa på soldatane, som avfyrte skremmeskot for å jaga vekk urostiftarane.
Det er førebels ikkje varsla om skadde eller drepne som følgje av samanstøytane tysdag kveld.