Hopp til innhold

Sakna ung kvinne funnen død i Sverige

Ei ung kvinne som er funnen død utanfor Stockholm er truleg drepen, seier politiet.

Politiet ved stedet en ung kvinne ble funnet drept, 6.8.15

Politiet i arbeid på staden der den unge kvinna vart funnen død, 06.08.15.

Foto: Christine Olsson / TT / NTB scanpix

Den 21 år gamle kvinna vart meldt sakna etter ein joggetur i Upplands Vasby onsdag kveld. Ein leiteaksjon vart sett i gong, og natt til torsdag opplyste politiet at kvinna er funnen død og truleg drepen.

– Hun blei funnet død i turløypa av ein patrulje. Omstenda på staden gjør at vi har starta drapsetterforsking. Eg kan ikkje gå nærmare inn på de omstenda, seier Towe Hägg frå politiet i Stockholm til Aftonbladet.

Politiet har sperra av eit stort område rundt staden der kvinna vart funnet.

– Politiets teknikarar skal søke etter og sikre spor. For augneblinken dreier etterforskinga seg om å finne ut av kva som har skjedd med henne, seier Hägg.

Torsdag morgon tok politiet beslag i ein mørk BMW som stod parkert i området.

Ifølgje Expressens fotograf stod bilen parkert der vegen sluttar og turløypa startar, i kort avstand frå der kvinna vart funnen død.

Politiet ved stedet en ung kvinne ble funnet drept, 6.8.15

Politiet i arbeid nær staden den unge kvinna vart funnen død.

Foto: Christine Olsson / TT / NTB scanpix

Meldt sakna av familien

21-åringen hadde berre tenk å jogge nokre kilometer, og familien reiste ut for å leite då ho ikkje kom tilbake.

I 21.30-tida vart ho meldt sakna, og helikopter, hundepartuljar og motorsyklar vart sett inn i søket. Bilen hennar vart funnen i nærleiken av turløypa, og politiet trudde først at ho kunne ha skada seg.

Spora telefonen

Håpet om å finne kvinna i live viste seg å vere forgjeves, og litt etter klokka 02 vart ho funnen død.

– Ifølgje patruljen som fann henne, tyder alt på at nokon har tatt livet av henne. Det ser ikkje ut som eit normalt dødsfall, seier Anna Kling.

Politiet klarte å spore telefonen som kvinna hadde med seg, noko som gjorde søket enklare. Området der ho vart funnen er sperra av, og teknikarar jobbar på staden.

– Vi avhøyrer familien, eventuelle vitne og personar som oppheld seg i området, fortalde pressetalsperson Towe Hagg.

Ingen er arrestert, og politiet seier dei ikkje har mistenkte i saka.

Väsby

SISTE NYTT

Siste nytt