Abdel Haq Alani representerer den eldste dottera til Saddam, Raghda, som handlar på vegner av dei attlevande av familien til eks-leiaren.
Saddam Hussein skal få nye forsvararar før saka hans kjem opp. (Foto: AP/Scanpix)
- Det er altfor mange menneske i verda som seier at dei representerer Saddam Hussein, utan at familien kjenner dei. Dei veit heller ikkje kven som har sagt at dei kan representere han, seier Abdel Haq Alani.
Det er uklart når rettssaka mot Saddam startar, men dei nye makthavarane i Irak har sagt at det kan bli i løpet av dei neste par månadene.
Saddam er skulda for krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta.
Over 2000 advokatar har friviljug meldt seg som forsvararar for eks-diktatoren. Ein av dei er tidlegare statsadvokat i USA Ramsey Clark, Roland Dumas, tidlegare fransk utanriksminister, den italienske kjendisadvokaten Giovanni di Stefano og ei av døtrene til Libyas diktator Muamar Gaddafi.
di Stefano har tidligere vore forsvarar for Slobodan Milosevic under rettssaka mot han i Krigsforbrytardomstolen i Haag.
No vil familien i ro og fred setje saman eit nytt lag av forsvararar som skal førebu forsvaret av Saddam Hussein, som styrte Irak med jernhand frå 1979 til han vart avsett av dei amerikanske styrkane som invaderte Irak i mars 2003.
Alani seier at dei utanlandske advokatane som har sagt at dei representerer Saddam aldri var stort meir enn folk som ville ha PR i media.
Hittil er Saddam Hussein berre formelt sikta i ei sak. Det er for massedrapet på sjiamuslimar i landsbyen Dujail etter eit mislukka kuppforsøk på Saddam i 1982. Blir han funnen skuldig i denne saka risikerer han dødsstraff.