Hopp til innhold

Iransk minister i rullestol laga god stemning

Ein iransk utanriksminister i rullestol skapte god stemning i Genève. Dei vestlege diplomatane kunne dele mykje ryggsmerte-erfaringar med sin iranske motpart som i løpet av forhandlingsveka i Sveits hamna i rullestol.

SWITZERLAND-IRAN-NUCLEAR-POLITICS-DIPLOMACY

Dei vestlege diplomatane hadde mange gode råd å kome med til Irans utanriksminister Javad Zarif som sleit med ryggsmerter.

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

– Alle av oss hadde ein rygghistorie til han. Det var råd om bøker han bør lese og ting han kan gjere for å betre ryggen, for me har alle hatt våre ryggproblem, sa ein av dei amerikanske diplomatane som denne veka diskuterer Irans atomprogram.

Det er som oftast spent stemning når Iran møter vestlege diplomatar for å diskutere ein mogleg slutt på atomprogrammet, men denne veka vart stemninga løyst opp fordi dei alle hadde noko til felles – ryggproblem.

– Eg har skrekkeleg vondt, sa Javad Zarif då han reiste tilbake til hotellet etter første forhandlingsdag.

Dag to kom han trillande inn i forhandlingslokala i rullestol. Til dei andre forhandlarane fortalde han at han hadde motteke akupunktur i eit forsøk på å lindre smerta.

Umeldte inspeksjonar

Iran har denne veka vore i møter med den såkalla P5+1-gruppa som består av Storbritannia, Frankrike, USA, Tyskland, Russland og Kina. Møtet finn stad etter at Irans nye president Hassan Rouhani opna for å finne ei løysing på usemja som landets atomprogram har skapt.

Iran hevdar dei berre har intensjonar om å drive med atomkraft, medan andre land mistenkjer at atomprogrammet er meint til å framstille atomvåpen.

I løpet av forhandlingane i Genève denne veka opna Iran for at USA kan komme på umeldte inspeksjonar til Irans atomanlegg for å kontrollere at det ikkje finn stad produksjon av atomvåpen.

Nye møte i november

Ei heil diplomatisk verd gler seg no over dei forsonande tonane som kjem frå Iran, eit land som i lang tid har opplevd sanksjonar frå USA og andre land nettopp på grunn av atomprogrammet. Men i Israel er skepsisen til Iran framleis stor.

– Iran må dømmast etter kva dei gjer, ikkje kva dei seier. Inntil det skjer klare handlingar på bakken, som syner at Iran er villige til å avslutte sitt atomprogram, så må det internasjonale samfunn halde fram sine sanksjonar, sa ein talsmann for israelske styresmakter til nyheitsbyrået AFP.

Det er avtalt at nye møter mellom partane skal finne stad i Genève om tre veker, og Iran sa onsdag at dei var håpefulle framfor neste fase i det forsonande arbeidet skulle ta til.

SISTE NYTT

Siste nytt