Hopp til innhold

Vil gi Putin lov til å ta eigedom og verdiar frå krigs­motstandarar

Underhuset i den russiske nasjonalforsamlinga har einstemmig vedtatt ei lov som kan beslaglegge både huset og bilen til den som våger å kritisere krigen.

Putin sit ved eit skrivebord og ser ratt fram. Biletet er tatt i profil.

EINSTEMMIG: Lova blei vedteke einstemmig, men må gjennom overhuset og president Vladimir Putin før ho trer i kraft.

Foto: Gavriil Grigorov/Sputnik / AP

– At ein eig noko i dag, betyr ikkje at ein eig det i morgon.

Slik skildrar Russland-forskar Jakub Godzimirski russisk straffekultur.

Det er ikkje berre bøter og fengselsstraff ein kan vente seg viss ein bryt russisk lov. Ein risikerer å miste alt ein eig.

Underhuset i den russiske nasjonalforsamlinga har no bestemt at dei som måtte våge å kritisere krigen i Ukraina, bør straffast enda hardare enn før.

Den nye lova opnar for å beslaglegge eigedom, ta pengar og andre verdiar som tilhøyrer dei som bryt forbodet.

Jakub Godzimirski, forsker ved NUPI

Russland-forskar Jakub Godzimirski seier at den nye lova vil skape usikkerheit i folket, fordi ingen enno veit korleis han vil bli handheva.

Foto: Nupi

Nupi-forskar Godzimirski trur lova har to føremål:

Det eine er å skremme befolkninga frå å kritisere krigføringa deira i Ukraina. Det andre er at staten på denne måten får ei ekstra inntekt.

Han fortel at den russiske staten mellom anna er pålagd å betale store pengesummar til dei på slagmarka:

– På denne måten kan dei no beslaglegge verdiar som anten kan seljast eller bli gitt vidare til andre, seier Godzimirski.

Einstemmig vedtatt

I avstemminga onsdag stemde 377 Duma-medlem for den nye lova, ifølge det statlege russiske nyheitsbyrået RIA.

Ingen stemde imot.

Godzimirski er ikkje overraska. Ifølge han er nasjonalforsamlinga i stor grad eit apparat som er til for å kvittere det presidenten ønsker:

– Det er ikkje noko debatt i den forsamlinga.

Putin sit på ein stol. har på dress og har eit ark og ein penn i handa.

Det er først når den russiske presidenten har skrive under på lova, at ho blir aktivert. Først må ho innom overhuset.

Foto: Vyacheslav Prokofyev / AFP

Lova blir no send til overhuset i nasjonalforsamlinga, før ho til slutt eventuelt hamnar på president Vladimir Putins bord for underteikning.

Godzimirski seier at lova vil skape ei frykt i befolkninga, fordi ein ikkje veit korleis ho kan bli handheva.

Ifølge Russland-forskaren blir det russiske rettssystemet på folkemunne kalla for ein «telefonrett», fordi ein telefon frå øvste hald raskt kan bestemme utfallet i ei sak.

– Skurkar og forrædarar

Russland har etter invasjonen av Ukraina innført strenge lover mot å kritisere dei væpna styrkane i landet og deira militære operasjonar.

Ei rekke krigsmotstandarar er fengsla etter å ha brote sensurlovene. Men desse lovene er altså ikkje nok, ifølge leiaren i underhuset, Vjatsjeslav Volodin.

– Den nye lova er retta mot skurkar og forrædarar, dei som i dag spyttar på soldatane våre, som har forrådd heimlandet sitt, og som overfører pengar til dei væpna styrkane i eit land som er i krig med oss.

Lova kan også ramme dei fleire hundretusen som har forlate Russland sidan invasjonen av Ukraina, mange av dei for å sleppe å bli sende i krigen.

Vjatsjeslav Volodin sit ved eit bord. Uskarpt i front står patriarken.

Vjatsjeslav Volodin er leiar for Dumaen og blir rekna for å vere ein av arkitektane bak det russiske valsystemet.

Foto: The State Duma/Handout / AP

Lange fengselsstraffer

Den profilerte russiske opposisjonspolitikaren Vladimir Kara-Murza blei tidlegare i år dømt til 25 år i fengsel for å ha spreidd «falsk informasjon» om den russiske hæren og for å ha tilhøyrt ein «uønskt organisasjon».

Den 42 år gamle tidlegare journalisten og politikaren avviser skuldingane. Det skriv BBC.

Vladimir Kara-Murza

KRAFTIG STRAFF: Vladimir Kara-Murza blei dømt til 25 år i fengsel blant anna for å ha kritisert krigen i Ukraina.

Foto: AP

I mars 2022 protesterte redaktøren Marina Ovsjannikova mot krigen ved å bryte inn i ei nyheitssending på russisk TV.

Seinare gjennomførte ho ein ny protest, og blei dømt til åtte og eit halvt år i fengsel. Ovsjannikova reiste frå Russland saman med dottera si før russiske myndigheiter rakk å arrestere ho.

Dette er berre to av mange som har blitt dømt til lange fengselsstraffer. Men nå kan dei og andre som kritiserer krigen i Ukraina altså få ei tilleggsstraff ved å bli fråtekne det dei eig i Russland.

Les også Russisk redaktør dømt til over åtte års fengsel

Krigsmotstander med plakat bak nyhetsankeret i russisk nyhetssending på TV

SISTE NYTT

Siste nytt