Hopp til innhold

Bistandstopp i FN: – Mat til millionar sit fast i ein trafikkork

Måndag åtvara Russland om at skipa som heldt fram med å frakte ukrainsk korn over Svartehavet ferdast farleg.

An aerial photograph taken on October 31, 2022 shows cargo ships loaded with grain in the anchorage area of the southern entrance to the Bosphorus in Istanbu

TRASSA RUSSISK ÅTVARING: Fleire kornskip ventar måndag på løyve til å krysse Bosporos-sundet ved den tyrkiske kysten.

Foto: OZAN KOSE / AFP

Årsaka var at dei sjølve hadde trekt seg frå kornavtalen, og ikkje kunne garantere for at sivile skip var trygge for angrep.

I juli signerte Russland og Ukraina på at den ukrainske korneksporten kunne fortsette over Svartehavet, som før krigen starta.

I helga sa russarane at dei ville trekke seg frå denne, og hevda at dette var eit følge av droneangrep på Svartehavsflåten deira.

Martin Griffiths er leiaren for FN sitt okntor for humanitære saker (OCHA).

Martin Griffiths er leiaren for FN sitt kontor for humanitære saker (OCHA).

Foto: FEISAL OMAR / Reuters

Ein av bistandstoppane i FN, Martin Griffiths, seier måndag at det ikkje var nokon skip i kornkorridoren til Svartehavet natta 29. oktober.

Det er denne datoen Russland hevdar at flåten blei angripen av dronar.

Griffiths seier vidare at både Russland og Ukraina har forplikta seg til å ikkje angripe skip og relaterte hamnefasilitetar som er kopla til avtalen.

Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj seier ifølge Reuters at dei kjem til å halde fram med å eksportere korn på trygt vis, «slik dei har avtalt» med FN og Tyrkia.

– Berre ei pause

Måndag kveld seier det russiske forsvarsdepartementet at det ikkje er snakk om å trekke seg heilt frå avtalen, men heller sette deltakinga si på pause.

Beskjeden kjem i meldingsappen Telegram. Framleis seier dei ifølge byrået at det er uakseptabelt at skip tek seg igjennom tryggingskorridoren i Svartehavet.

Det russiske militæret vil også at Ukraina skal «forplikte seg» til å ikkje bruke eksportkorridoren til militære formål, heiter det vidare i meldinga.

På ein pressekonferanse måndag kveld, stadfesta Russlands president Vladimir Putin at avtalen berre var sett på vent.

– Ukraina må garantere at dei vil vere ein trussel mot sivile fartøy, sa han.

CORRECTION / A crew member prepares a grain analysis for a control made by members of the Joint Coordination Center (JCC) onboard the Barbados-flagged ship "Nord Vind" coming from Ukraine loaded with grain and anchored in Istanbul, on October 11, 2022.

Eit medlem av mannskapet på skipet «Nord Vind» førebur lasten til inspeksjon.

Foto: YASIN AKGUL / AFP

Kreml har åtvara dei resterande partane mot å halde fram, og nekta å garantere for tryggleiken til sivile skip som ferdast i området, ifølge AFP.

Talsperson for Kreml, Dmitrij Peskov, sa også at sivile kryssingar med dette blir «meir risikable» og «farlege».

Ukrainske styresmakter ifølge Reuters at det ikkje finst andre måtar å eksportere kveite til utlandet enn å frakte lasten over Svartehavet.

Dei meiner også at Russarane brukar droneangrepet som ein falsk føresetnad til å trekke seg frå avtalen.

– Umiddelbar skade på mattryggleiken i verda

Russland sitt val om å slute å ta del i initiativet har «umiddelbare, skadelege innverknader» på global mattryggleik, seier det amerikanske utanriksdepartementet ifølge Reuters.

Talsperson Ned Price seier at prisen på mat allereie har stige som følge av uvissa som har oppstått.

Familiar i heile Afrika må betale kring 45 % meir for kveitemjøl på grunn av krigen i Ukraina, melder nyheitsbyrået AP.

Ukraine War Africa Food Crisis

Kvinner sikter kveite på eit jorde i Mali. Mange land i Afrika er i tillegg til eigne avlingar svært avhengige av korneksport frå Russland og Ukraina.

Foto: Jerome Delay / AP

Dette gjer at mange familiar har måtta erstatte kveite med andre typar korn.

Nokre land, som Somalia, får meir enn 90 % av kveiteimporten sin frå Russland og Ukraina.

Likevel åtvarar FN om at prisauken gjer ekstra skade i delane av Afrika som slit mest med tørke og svolt.

Blant skipa som har teke til sjøs måndag er Ikaria Angel, som blir styrt av Verdas matprogram og er lasta med 30 000 tonn kveite. Kornet er naudhjelp til Afrikas horn.

Heldt inspeksjonar utan Russland og Ukraina

FN, Tyrkia og Ukraina har heldt fram med korntransporten i tråd med avtalen dei imellom, trass i protestane frå Russland.

Senteret for Samkoordinasjon (JCC) melder at 12 skip skal forlate hamna til saman måndag, lasta med 354 500 tonn korn og liknande produkt.

Fire skip skal også krysse Svartehavet med last til Ukraina.

Griffiths i FN seier likevel at utilstrekkeleg kapasitet til å utføre inspeksjonar har gjort at mat som kan brødfø millionar av menneske har sete fast i ein «maritim trafikk-kork».

Ein FN-tilsett klatrar opp for å inspisere skipet Chola Treasure, som frakta ukrainsk korn 11. oktober.

Ein FN-tilsett klatrar opp for å inspisere skipet Chola Treasure, som frakta ukrainsk korn 11. oktober.

Foto: YASIN AKGUL / AFP

Dei første av 40 planlagde inspeksjonane på skip som er med i avtalen er gjennomførte utanfor Istanbul, seier ein talsperson for FN.

Desse blei gjorde av team frå FN og Tyrkia, utan representantar frå Russland og Ukraina til stades, slik ein tidlegare hadde planlagt.

Sivile lasteskip kan aldri haldast som gissel eller vere eit militært mål, skriv FN sin koordinator for kornavtalen, Amir Abdulla, på Twitter.

Abdulla åtvarar mot å stoppe mattransporten over Svartehavet.

Den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan seier at Tyrkia kjem til å halde fram med sin del av arbeidet.

SISTE NYTT

Siste nytt